Nguyễn Cao Kỳ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nguyễn Cao Kỳ
Nguyen Cao Ky 1967.jpg
Fødd 8. september 1930
Sơn Tây
Død

23. juli 2011
Kuala Lumpur

Yrke politikar, militær
Nguyễn Cao Kỳ på Commons

Nguyễn Cao Kỳ (8. september 193023. juli 2011) var sjef for flyvåpenet i Sør-Vietnam på 1960-talet, og statsminister 1965-67 i det juntastyrde Sør-Vietnam, før han var visepresident frå 1967 til 1971 under rivalen general Nguyễn Văn Thiệu.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Kỳ, som var fødd i det nordlege Vietnam, var soldat i hæren til det fransk-støtta Vietnam-styret. Etter å ha vore infanterioffiser vart han utdanna pilot. I 1954 trekte kolonimakta Frankrike seg ut av Vietnam. Landet vart deretter delt i Nord- og Sør-Vietnam med kvar sine stridande styrkar. Kỳ rykte då oppover i gradane i Sør-Vietnams flyvåpen, for så å verte leiar av våpengreina. I november 1963 deltok han i kuppet som styrta Ngô Đình Diệm og der nest avretta Diệm.

Frå 1964 var Kỳ ein av dei leiande i den politiske juntaen som rådde i Sør-Vietnam, rekna som ein av ei gruppe unge, aggressive offiserar. Dei neste to åra kom fleire kuppforsøk, fleire av dei vellukka, der Kỳ var ein sentral aktør i å støtte eller knuse dei. I september 1964 var han med å slå ned eit kuppforsøk frå generalane Lâm Văn Phát og Dương Văn Đức mot Nguyễn Khánh, og i februar 1965 hindra han eit anna kuppforsøk frå Phát og Phạm Ngọc Thảo. Ved slike høve sende Kỳ jagarfly i lufta og truga med å sette i verk bombetokt. Kopla med eit ry for å vere hissig, lukkast han oftast å nå sine mål. Etter eit siste kuppforsøk vart ein svekka Khánh tvinga i eksil, og Ky tok leiarrolla i juntaen, for så der etter verte statsminister, medan general Thiệu vart utnemnd til statssjef.

I si tid som statsminister framstod Kỳ med ein ekstravagant, storsnuta veremåte. Han fekk elles ry for å vere ein råtass og ein kvinnejeger, alt saman tilhøve som vekte sterk misnøye mellom vietnamesarar. Han tok lite notis av folkemeininga og åtvara openlyst om å drepe dissidentar og opponentar, samt jamne delar av Nord-Vietnam med jorda eller bombe styrkar styrt av rivaliserande offiserar i Sør-Vietnam.

Kỳ og Thiệu lukkast stoppe rekka av kupp og USA støtta regimet deira. I 1966 avsette Ky general Nguyễn Chánh Thi, rekna som den sterkaste rivalen i juntaen. Dette førte til stor uro i Sør-Vietnam, særleg i hær-avdelingar som støtta Thi og i buddhist-miljø fiendtlege mot Kỳ og hans juntastyre. Tre månader med store demonstrasjonar og opprør paralyserte delar av landet. Etter mykje att og fram, og nokre militære kampar, slo Kỳ-styrkar ned oppreisten.

I 1967 vart Thiệu vald til president i Sør-Vietnam, med Kỳ som visepresident. Maktkampen mellom dei heldt likevel fram. Thiệu lukkast så småningom å fjerne Kỳ-støttespelarar frå sentrale postar i det militære og i regjeringa. I tillegg fekk Thiệu òg i stand ei lov som i praksis hindra nesten alle andre moglege kandidatar å stille til presidentvalet i 1971. Thiệu vann då også 90 prosent av røystene i valet og Kỳ trekte seg tilbake.

Saigon vart erobra av opprørsstyrkane våren 1975 flykta Kỳ til USA. Han heldt sidan fram med å kritisere både Thiệu og kommuniststyret i Vietnam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]