Ni'lin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°56′48″N 35°01′18″E
Ni'lin
نعلين, Nilin, Na'alin
kommune
Ni'lin View.JPG
Namneopphav: N'alin, frå na'l, ein sandal[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°56′48″N 35°01′18″E
Areal 14,8 km²
Folketal 4 573 (2006) [2]
Folketettleik 309 / km²
Borgarmeister Ayman Nafie
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ni'lin

Ni'lin (arabisk نعلين) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 17 km vest for Ramallah. Ni'lin ligg kring 3 km aust for våpenkvilelinja frå 1949 (den grøne linja) og grensa til Deir Qaddis, dei israelske busetjingane Nili og Na'ale i nordaust, landsbyen al-Midya og Modi'in Illit (Kiryat Sefer) i sør, Budrus (4 km) og Qibya (5 km) i nordvest. Det samle landarealet til kommunen kring 14 800 mål og av dette er 660 urbant.[3]

Dei fleste innbyggjarane livnærer seg av jordbruk og før den andre Intifada, hadde mange jobbar i anleggsverksemda i Israel.[4] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 4 750 innbyggjarar i 2006.[5]

Han ligg 262 meter over havet og har milde vintrar og varme, tørre somrar med dagtemperaturar i snitt over 32 °C.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1596 stod Ni'lin oppført i osmansk skatteregister som ein del av Ramla nahiya i Gaza liwa. Han hadde eit folketal på 72 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, frukttre, geiter og/eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[6]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Ni'lin (kalla N'alin) som ein «stor landsby i høgt lende, omgjeve av oliven, med vassforsyning frå cisterner[7]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde landsbyen (kalla Na'lin) eit folketal på 1 160, alle muslimar,[8] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 1249 innbyggjarar, av dette éin kristen og resten muslimar, i 299 busette hus.[9]

I 1945 var folketalet i Ni'lin 1 420, alle arabarar, som eigde 15 875 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 5 921 mål var plantasjar og irrigert land, 3 053 mål vart nytta for korn,[11] medan 29 mål var utbygd (urbant) land.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 240
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114.
  3. ARIJ Areas Definition in Oslo II Interim Agreement of September 1995
  4. The Environmental status of Ni'lin Village Applied Research Institute - Jerusalem (ARIJ) 2008-01-29
  5. Projected Mid -Year Population for Ramallah & Al Bireh guvernement by Locality 2004- 2006
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 155.
  7. Conder og Kitchener, 1882, s. 298
  8. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table VII, Underdistrikt of Ramleh. 
  9. Mills, 1932, s. 22
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 67
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 116
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 166

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]