Niagara Falls av Chicago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Niagara Falls
Singel av Chicago
frå albumet Chicago 18
B-side «I Believe»
Utgjeve Juni 1987
Sjanger Rock
Lengd 3:43
Selskap Full Moon/Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Steve Kipner, Bobby Caldwell
Produsent David Foster
Chicago-kronologi
«If She Would Have Been Faithful...»
(1987)
Niagara Falls «I Don't Wanna Live Without Your Love»
(1988)


«Niagara Falls» er den fjerde singelen til det amerikanske rockebandet Chicago, frå albumet Chicago 18 i 1986. Jason Scheff og Bill Champlin delte på å synge songen. Bandet stava «Niagara» feil som «Niagra», og dette kan ein sjå igjen i titlane på albumet og musikkvideoen.

Etter suksessen med singlane «Will You Still Love Me?» (3. plass i USA) og «If She Would Have Been Faithful...» (17. plass), nådde «Niagara Falls» berre 91. plassen på Billboard Hot 100-lista.[1]

Video[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste av musikkvideoane til Chicago seint i 1980-åra var det mange forskjellige folk i videoen. Hovudsoga omfatta eit par som prøvde å få ting til å fungere. Bandet er ikkje med i videoen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chicago 18 Awards». Allmusic. Henta 17. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]