Niagarahalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over den sørlege delen av Ontario med Niagarahalvøya i raudt

Niagarahalvøya (engelsk Niagara Peninsula) er den delen av det sørlege Ontario i Canada som ligg mellom den sørlege breidda til Lake Ontario og den nordlege breidda til Eriesjøen. Området strekker seg frå Niagaraelva i aust til Hamilton i Ontario i vest. Det bur om lag ein million menneske på halvøya. Regionen på motsett side av Niagaraelva og Eriesjøen, som ligg i staten New York i USA, er kjent som Niagara Frontier. Området dannar ein del av av den større regionen Buffalo Niagara.

Offentleg styre[endre | endre wikiteksten]

Størstedelen av halvøya er lagt inn under Regional Municipality of Niagara. Av byar i regionen kan nemnast St. Catharines, Niagara Falls, Thorold, Port Colborne og Welland. Av småbyar har ein Niagara-on-the-Lake, Lincoln, Pelham, Grimsby og Fort Erie, i tillegg til landkommunane Wainfleet og West Lincoln.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 43°0′N 79°30′W