Nibiru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
V838 Monocerotis, ei variabel stjerne som har vorte forveksla med ein planet som nærmar seg jorda.[1]

Nibiru, også referert til som Planet X, er ein anteken planetarisk lekam som har vorte hevda å kollidera med eller passera veldig nær jorda tidleg på 2000-talet. Oppfatninga om at ein slik kollisjonskatastrofe kan ventast i nær framtid er ikkje støtta av vitskaplege bevis, og astronomer har avvist henne som pseudovitskap eller ein internettbløff.[2][3]

Påstanden om Nibiru og den framtidige kollisjonen vart lagd fram i 1995 av Nancy Lieder[4][5], grunnleggaren av nettstaden ZetaTalk. Lieder hevdar å vera ein UFO-kontaktperson som er i stand til å motta informasjon frå innbyggarane i Zeta Reticuli-stjernesystemet via eit implantat i hjernen sin. Han hevdar at han har vorte vald til å åtvara menneskja om ein lekam som vil trenga seg inn i det indre av solsystemet, og forårsaka at rotasjonsaksen til jorda og polane plutseleg skiftar, og øydelegg det meste av menneksja. Han spådde først at dette ville henda i mai 2003, men han har sidan flytt spådommen sin til ein seinare dato.[6] Spådommen har spreidd seg frå nettstaden til Lieder og til fleire dommedagsgrupper på internettet, derav dei fleste kopla han til 2012-fenomenet. Namnet «Nibiru» kjem frå verka til den gamle astronauten Zecharia Sitchin og tolkingane hans av babylonske og sumeriske mytar. Likevel nekta Sitchin sjølv for at verka hans hadde noko å gjera med påstandar om ein framtidig global katastrofe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Pictures: 2012 Doomsday Myths Debunked». National Geographic News. 6. november 2009. Henta 26. januar 2016. 
  • Govert Schilling. The Hunt For Planet X: New Worlds and the Fate of Pluto. Copernicus Books. ISBN 0-387-77804-7. 
  • «Beyond 2012: Why the World Didn't End». NASA. 22. desember 2012. Henta 25. januar 2016. 
  • «The World Will Not End On Friday». Marceloi Gleiser, National Public Radio. Henta 25. januar 2016. 
  • «Scientists reject impending Nibiru-Earth collision». Henta 25. januar 2016. 
  • Nancy Lieder. «Nancy Lieder's biography». zetatalk.com. Henta 25. januar 2016.