Nic Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nic Jones

Jones i 2012 på Cambridge Folk Festival
Fødd9. januar 1947 (77 år)
FødestadOrpington i London
OpphavStorbritannia
Aktiv1964–1982
Sidan 2010
SjangerFolk
Instrument
Tilknytte artistarThe Halliard
Bandoggs
PlateselskapTrailer Records
Topic
Mollie Music
Verka somfelespelar

Nicolas Paul «Nic» Jones (fødd 9. januar 1947) er ein engelsk visesongar, gitarist og felespelar som var mest aktiv i åra frå 1964 til 1982. Han spelte inn fem soloalbum og har ofte spelt som gjestearist. Debutalbumet hans kom i 1970, Ballads and Songs.

Han var mykje etterspurt som studiomusikar og spelte på album med artistar som June Tabor, Shirley Collins, Barbara Dickson, Richard Thompson og mange andre.

28. februar 1982 var Jones i ei alvorleg bilulukke. Han køyrde bilen sin inn i ein lastebil som køyrde ut frå eit kryss og fekk store skadar, inkludert ein hjerneskade som gjorde at han ikkje lenger kunne spele gitar like bra som før, og fele kunne han ikkje spele i det heile. Dette enda musikkarrieren hans.[1]

I 2010 dukka Jones opp på scenen att og song tre songar med eit av dei tidlegare banda sine, Bandoggs.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum:

Konsertalbum:

Med The Halliard[endre | endre wikiteksten]

  • It's The Irish in Me – The Halliard (1967)
  • The Halliard and Jon Raven (1967)
  • Broadside Songs (2005)
  • The Last Goodnight! (2005)

Med Bandoggs[endre | endre wikiteksten]

  • Bandoggs (1978)

Med Maddy Prior og June Tabor[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mike Raven: Nic Jones Arkivert 2021-04-11 ved Wayback Machine. ("Living Tradition – May/June 1997).
  2. «Penguin Eggs was voted album of the year by both »Folk Roots" and Melody Maker magazines.
  3. «Topic Records » NIC JONES ~ GAME SET MATCH TSCD566». www.topicrecords.co.uk. Henta 28. november 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]