Nic Schiøll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nic Schiøll

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. oktober 1901
Christiania
Død

29. desember 1984 (83 år)
Oslo

Yrke bilethoggar
Nic Schiøll på Commons
St. Halvard-statuen på sørsida av Oslo rådhus er rekna som Nic Schiølls viktigaste verk

Nic Schiøll (uttalt: «Nikk Sjøll»), opphavleg Nicolai Marius Schiøll (10. oktober 190129. desember 1984), var ein norsk bilethoggar og kunstmålar, fødd og død i Oslo. Han veks opp i Oslo, tok examen artium på Frogner skole 1920, og byrja same året på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. I 1923 studerte han under bilethoggaren Wilhelm RasmussenStatens Kunstakademi, og 1923–24 var han i Paris som elev av den franske bilethoggaren Antoine Bourdelle ei stutt tid.

Atelieret til Bourdelle i Paris vart ein stad mange av dei norske kunstnarane søkte seg til på byrjinga av 1920-talet, som til dømes Rolf Lunde, Stinius Fredriksen, Gunnar Janson, Dyre Vaa, Dagfin Werenskiold og Ståle Kyllingstad. Men med få unnatak, som til dømes i utkastet til relieffet som Nic Schiøll konkurrerte med i 1931 til utsmykkinga av Minnehallen i Stavern for sjøfolk som mista livet under fyrste verdskrigen, har ikkje Bourdelle sett vesentlege spor etter seg i kunsten hans. Han gjekk meir i ei nyklassisistisk lei, sjølv om han i åra 1927–1950 var verksam saman med andre elevar av Bourdell både på Nidarosdomen og Oslo rådhus.

Til vestfronten på Nidarosdomen modellerte han i 1927–1937 ni statuar av helgenar og bibelske personar. Men her måtte han og alle dei andre bilethoggarane følgje det arkitektoniske skjemaet for kyrkja, og halde seg strengt til mellomalderens gotiske stil. Men då han i 1938–45 skapte St. Halvard-statuen på sørsida av Oslo rådhus, stod han friare til å utforme ein heilag mann og legenda ikring han etter sin eigen idé. Denne skulpturen av vernehelgenen for Oslo er rekna som Nic Schiølls mest framifrå verk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]