Nica de Koenigswarter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nica de Koenigswarter
Fødd 10. desember 1913
London
Død

30. november 1988
New York by

Yrke mesen, melomaniac, fotograf, kunstmålar

Baronesse Pannonica de Koenigswarter (10. desember 191330. november 1988) var ein britisk-amerikansk jazz-mesén og forfattar. Ho var særleg ein støttespelar for bebopmusikk, og er best kjend for nære venskap med fleire store jazzmusikarar.

Pannonica de Koenigswarter var fødd inn i den engelske greina av Rotschild-familien. Ho fekk kallenamnet Nica.

Under den andre verdskrigen arbeidde ho for Charles de Gaulle. Ho gifta seg med Jules de Koenigswarter i 1951 og flytta etter dette til New York by i USA. Her kasta ho seg inn det amerikanske jazzmiljøet der ho var ei aktiv vertinne for musikarar som sakna tak over hovudet eller ein stad å slappe av.

Hotellsuiten hennar på Stanhope Hotel på Fifth Avenue i New York er kanskje best kjend for å vere rommet der Charlie Parker døydde i 1955.

Ho var ein særleg god ven med familien til Thelonious Monk. Då Monk blei alvorleg sjuk var det Nica som tok seg av han, heilt fram til han døydde i 1982. Nica døydde seks år seinare.

Fleire jazzmusikarar dedikerte musikk til henne: Gigi Gryces Nica’s Tempo, Sonny Clarks Nica, Horace Silvers Nica’s Dream, Kenny Dorhams Tonica, Kenny Drews Blues for Nica, Freddie Redds Nica Steps Out, Barry Harriss Inca, Tommy Flanagans Thelonica og Thelonious Monks Pannonica.