Nick Cave

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nick Cave
Nick Cave 1986.jpg
Fødd 22. september 1957
Warracknabeal
Yrke skodespelar, musikar, songar, komponist, romanforfattar, skribent, librettist, manusforfattar, pianist, singer-songwriter, låtskrivar, forfattar
Nick Cave på Commons
NIck Cave uner opptreden i Barcelona i 2008.
Nick Cave i New York i 2009.

Nick Cave (fødd 22. september 1957) er ein australsk musikar og forfattar. Cave er fødd og oppvaksen i delstaten Victoria.

Storparten av karrieren har han spelt (og spelar framleis) saman med bandet The Bad Seeds (1996), og plateugjevingane deira er nesten alltid titulerte med Nick Cave and The Bad Seeds. Cave har gjeve ut ei lang rekke plater, der Murder Ballads truleg kan reknast som ei av dei største.

Musikaren[endre | endre wikiteksten]

Cave har hatt ei lang karriere, men vart verkeleg kommersielt kjend då han spelte inn duetten «Where the wild roses grow» med Kylie Minogue i 1995. Where the wild roses grow overraska både fans og musikkinteresserte, då dei musikalske stilartane Cave og Minouge nyttar skil dei sterkt frå kvarandre.

Nick Cave er kjend for å ha ein særs mørk og dyster stil. Mange av songtekstane hans handlar om død og elende. Songstilen vert definert som rock.

Forfattaren[endre | endre wikiteksten]

I 1989 kom boka And the Ass saw the Angel ut første gongen. Boka har seinare vorte omsett til eit utal språk, mellom anna norsk første gongen i 1994 og seinare nytt opplag i AlfaOmega-serien på H. Aschehoug & Co i 2002. På norsk heiter boka Eselet så Herrens engel.

Eselet så Herrens engel er ein gripande roman som tek for seg ekstremt religiøs pietisme i eit oppdikta sørstatssamfunn i USA. I boka let Cave hovudpersonen vere forteljaren, som er ein gut i tenåra og den einaste attlevande av ein innavla og særs valdeleg familie. Gjennom heile boka les ein kva den ustabile guten tenkjer om det han sjølv gjer og det som hender rundt han.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • From Her to Eternity (1984)
  • The Firstborn Is Dead (1985)
  • Kicking Against the Pricks (1986)
  • Your Funeral, My Trial (1986)
  • Tender Prey (1988)
  • The Good Son (album)|The Good Son (1990)
  • Henry's Dream (1992)
  • Live Seeds (1993)
  • Let Love In (1994)
  • Murder Ballads (1996)
  • The Boatman's Call (1997)
  • The Best of Nick Cave and the Bad Seeds (1998)
  • No More Shall We Part (2001)
  • Nocturama (2003)
  • Abattoir Blues/The Lyre of Orpheus (2004)
  • B-Sides & Rarities (2005)
  • Grinderman (2007) (under bandnamnet Grinderman)
  • Dig, Lazarus, Dig!!! (2008)
  • Grinderman 2 (2010) (under bandnamnet Grinderman)
  • Push the Sky Away (2013)
  • Skeleton Tree (2016)
  • Ghosteen (2019)

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.