Niclas Ekberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niclas Ekberg


Statsborgarskap Sverige
Fødd 23. desember 1988 (35 år)
Ystad
Idrett handball
Tok del i

Handball-VM 2019 for menn, Handball-EM 2018 for menn, Handball under Sommar-OL 2012 – Menn, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn

Niclas Ekberg (fødd 23. desember 1988) er ein svensk handballspelar frå Ystad. Han har sidan 2012 gjort teneste i THW Kiel. Ekberg, som spelar høgrekant, vart i 2022 europameister med Sverige, ti år etter han vann OL-sølv i London. Med THW Kiel har han vunne EHF-meisterligaen 2020 og EHF-pokalen 2019.

Ekberg spelte på heimlege Ystad IFHF til 2010. Sidan var han i to sesongar under kontrakt med AG København. Frå 2012 har han vore aktiv for det tyske topplaget THW Kiel, der han har skåra fleire bundesliga-mål enn nokon annan THW-spelar. Han bidrog mykje då klubben i 2019 slo Füchse Berlin i finalen om EHF-pokalen, sameleis då det vart siger i EHF-meisterligaen over FC Barcelona. I begge desse finalane var han Kiel sin toppskåarar.

Under europameisterskapen 2022 skåra Ekberg i siste sekund på straffekast og sikra dermed EM-pokalen for Sverige. Pr 1.10.2022 har han deltek i 197 landskmapar og skåra 799 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]