Nicolai Anthonisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nicolai Anthonisen
Fødd 3. mai 1857
Død

9. januar 1907

Nicolai Anthonisen var første førar av RS «Colin Archer»

Nicolai Manuel Anthonisen (3. mai 18579. januar 1907) var ein norsk sjøkaptein, los, redningsskøyteførar og fyrvaktar frå Nevlunghamn i dåverande Brunlanes, noverande Larvik kommune. Han er særleg kjend som førar av RS «Colin Archer» under redningsaksjonen ved Hamningberg i mai 1894.

Han var fødd på garden Amundrød, far hans var i folketeljinga 1865 sjølveigande gardbrukar og matros.[1] Som ung vart han sjølv sjømann. Det vert fortalt at han overlevde fem forlis. Då han gjekk på land var han kaptein. Anthonisen arbeidde som skøyteførar for losane i Nevlunghamn. I dette arbeidet var han med og redda fleire menneske under ein storm på Langesundbukta i februar 1892. Då «Colin Archer» hausten 1893 vart sett i teneste i Redningsselskapet vart han hyrt til førar. Etter å ha patruljert fiskefelta under lofotfisket i 1894, kom Nicolai Anthonisen med «Colin Archer» til Vardø 19. mai.

Då storm frå nordaust dagen etter sette fleire fartøy i havsnaud i Hamningberg, redda «Colin Archer» 36 menneske. Anthonisen si erfaring som sjømann og skøyteseglar var avgjerande for den vellukka resultatet. Denne redningsaksjonen gjorde Nicolai Anthonisen landskjend. Han fekk mykje heider. I Vardø vart han boren på gullstol. Redningsselskapet tilkjende han og resten av mannskapet eit ekstra gratiale. Anthonisen var i audiens på slottet og mottok Kongens fortenestmedalje i sølv av 1. grad av kong Oscar II. Då han slutta i Redningsselskapet i 1897 fekk han Redningsselskapets medalje. Dette hadde vore diskutert åra før, men då meinte fleirtalet på generalmøtet at det han gjorde ved Hamningberg berre var det han plikta som skøyteførar. Medaljen var og for innsatsen han hadde gjort som førar av RS «Liv» og RS «Christiania».

Etter at han slutta i Redningsselskapet vart han fyrvaktar på Hornøya ved Vardø.

Nicolai Anthonisen drukna i januar 1907 då han var på veg frå Vardø attende til fyret på Hornøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut von Trepka og Toril Grande: Colin Archer, Redningsskøyte nr. 1 Mortensen Forlag 1993
Fotnotar