Nicolai Getz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nicolai Getz
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. november 1991
Idrett sjakk
Yrke sjakkspelar

Nicolai Getz (fødd 19. november 1991) er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk (IM).

Internasjonal Meister i sjakk[endre | endre wikiteksten]

Nicolai Getz vart IM etter sterke resultat i to internasjonale turneringar. I Arctic Chess Challenge i Tromsø i august 2009 tok han 6 poeng på 9 rundar, eit halvt poeng over kravet til IM-napp. I Europameisterskapen i sjakk i Aix les Bains i Frankrike i mars-april 2011 tok han 5,5 poeng på 11 rundar. Då resultat i viktige FIDE-turneringar tel dobbelt, var desse to turneringane nok til å oppfylle kravet om IM-resultat i minst 27 parti.

Han fekk tittelresultata godkjende av Verdssjakkforbundet FIDE i juni 2011, men hadde enda ikkje hadde klart kravet om eigen rating over 2400. Dette klarte han i løpet av hausten 2011, og vart deretter Internasjonal Meister i sjakk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]