Nicolai Henrik Knudtzon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicolai Henrik Knudtzon

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. januar 1816
Død

28. januar 1895 (79 år)

Yrke forretningsdrivande, politikar
Språk norsk
Far Nicolai Knudtzon
Ektefelle Caroline Knudtzon
Nicolai Henrik Knudtzon på Commons

Nicolai Henrik Knudtzon (16. januar 181628. januar 1895) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Kristiansund. Nicolai Knudtzon var far hans.

Knudtzon utdannna seg til forretningsmann gjennom eit lengre utanlandsopphald. Etter faren døydde i 1837, styrte han familiefirmaet i fire år, før han overtok det i 1841. Firmaet dreiv i hovudsak med tilverking og utførsel av klippfisk, eit felt der Knudtzon vart leiande og bygde opp ei stor forretning. Gjennom sin posisjon som Kristiansunds største forretningsmann, fekk han mange verv og ombod. Han var medlem av formannskapet i mange år, sameleis styreleiar i sparebanken og i over 50 år formann i handelsforeininga.

Knudtzon representerte Kristiansund på Stortinget i 1862-63 og på overordentleg storting 1864. Han var medlem av tollkomiteen i 1862-63 og komiteen om Scheldetollen i 1864.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]