Nicolai Julius Sørensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicolai Julius Sørensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1850
Råde kommune
Død

28. januar 1923 (72 år)
Christiania

Yrke skribent, redaktør, politikar
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Ektefelle Birgit Weltzien Sørensen

Nicolai Julius Sørensen (14. september 185014. september 1923) var ein norsk folkehøgskulemann, forfattar, journalist/redaktør og politikar, fødd i Råde i Østfold.

Sørensen var son av ein gardbrukar i Råde og budde der til han var ti år gammal. Då flytta familien til Christiania. Han vart student frå Gjertsens skole i 1869 og tok juridisk embetseksamen i 1876. I studentåra var han dels journalist, huslærar eller lærar på folkehøgskule. Han og Ole Five dreiv folkehøgskule på Såner 1873-74 og i Vestby 1874-75.

1876-78 var Sørensen fullmektig på Johan Sverdrup sitt advokatkontor, samt medarbeidar i Verdens Gang. I 1878 oppretta han Alfheim høiskole, ein skule som dei neste tolv åra heldt hus i ulike herad i Østfold. Som høgskuleforstandar gav han ut bladet Heimdal og skreiv fleire bøker.

Sørensen redigerte 1878-81 også avisa Østlandske Tidende som kom ut i Fredrikstad. Her publiserte han tre artiklar og to dikt om kongedømme og republikk. Etter pålegg frå justisdepartementet vart han tiltala ringeakt for majesteten, og i underretten 20. januar 1881 dømt til 60 dagars fengsel og å dekke sakskostnadene. Dommen vart 7. juli same året stadfesta i Høgsterett og han sona deretter dommen i Fredrikstad rådhus.

I 1881 kjøpte Sørensen garden Foss i Askim. Han vart medlem av formannskapet i heradet og var ordførar i to år. 1883–88 representerte Sørensen Smaalenenes amt og partiet VenstreStortinget. Fyrste perioden var han medlem av justiskomiteen, siste perioden var han sekretær i justiskomite nr 2.

1888–93 gav Sørensen ut avisa Posten i Christiania og Skien. 1892–1918 var han statsrevisor.

Sørensen deltok i stiftinga av Norges fredsforening i 1885 og arbeidde sidan aktivt for denne, stifta i 1895 Kristiania fredsforening. 1898–1907 redigerte han tidsskriftet Fred. Elles heldt han foredrag for fredssaka og for fråhaldssaka.

Han døydde 1923 i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]