Nicolai Rygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicolai Rygg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. februar 1872
Stavanger kommune
Død

27. september 1957 (85 år)
Oslo

Yrke samfunnsøkonom, historikar, statistikar, jurist
Språk bokmål
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi
Ektefelle Agnes Rygg
Nicolai Rygg på Commons

Nicolai Theodorius Nilssen Rygg (29. februar 187227. september 1957) var ein norsk sosialøkonom. Han voks opp i Stavanger. Frå 1913 til 1920 var han direktør for Statistisk sentralbyrå. Gunnar Knudsen si regjering utnemnde Nicolai Rygg i 1920 til sjefsdirektør i Noregs Bank, noko som tilsvarar noverande sentralbanksjef. Han leia banken til 1946.

Nicolai Rygg har i ettertid fått ansvaret for «parikrisa», som var ein (særnorsk) økonomisk krise som oppstod på grunn av eit forsøk på å gjenopprette kroneverdien frå før den første verdskrigen. Krisa var på det verste i 1926-27.

Den første regjeringa frå Arbeidarpartiet kom til makta 28. januar 1928, Christopher Hornsrud si regjering. Regjeringa blei i utgangspunktet møtt med stor skepsis, og det hadde vore uro i finansmarknaden etter det gode valet til Arbeidarpartiet. Dette gjekk over til panikk etter at Arbeidarpartiet avviste ei garantiordning for bankar som Nicolai Rygg, hadde lansert. Nicolai Rygg skal deretter på direkte spørsmål ha svart at det var nødvendig at regjeringa vart felt. Regjeringsfråsegna blei dermed møtt med eit mistillitsframlegg til regjeringa i Stortinget. Mistillitsframlegget fekk fleirtal, og regjeringa måtte gå av. Johan Ludwig Mowinckel danna så ei ny borgarleg regjering. Regjeringa Hornsrud måtte dermed gå av 15. februar 1928, etter berre 18 dagar - og er dermed den norske regjeringa som har sete kortast tid.

Frå 1938 var Rygg ein pådrivar for førebuingane til å evakuere den norske gullreserven i tilfelle krig. Dei tiltaka han fekk førebudd, og iverksettinga hans av den såkalla gulltransporten under den tyske invasjonen av Noreg i april 1940, var avgjerande for at gullreserven kunne bringast i sikkerheit i Storbritannia.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]