Nicolas Chalon du Blé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicolas Chalon du Blé

Fødd24. januar 1652
FødestadChalon-sur-Saône
Død10. april 1730
DødsstadParis
Rangmarskalk av Frankrike

Nicolas Chalon du Blé (24. januar 165210. april 1730) var ein fransk adeleg general og utanriksminister. Han var marki av Uxelles og Cormatin, og vart òg gjort til riddar og marskalk av Frankrike av Ludvig XIV. Chalon du Blé var diplomat for Ludvig XIV og hertug Filip II av Orléans.

Han gjorde militær karriere under niårskrigen og tente som generalløytnant under omleiringa av Philippsburg og fekk ansvaret for å forsvare festninga i Mainz, då den franske armeen måtte trekkje seg attende.

I starten forsvarte han omleiringa av Mainz mot Storalliansen frå 1. juni til 8. september 1689, men måtte overgje seg, og fekk offentleg kritikk då han vendte attende til Paris. Han fekk likevel lenet Rougemont-le-Château (1696) av kongen og vart sidan marskalk i 1703.

Chalon du Blé representerte kongen som diplomat under forhandlingane i freden i Utrecht i 1713. Han vart den første utanriksminsiteren under Filip II (1715-1718).

Nicolas Chalon du Blé var ein av dei mest kjende homoseksuelle i si tid, og kjend for å vera tiltrekt av unge kammertenarar og offiserar.[1] Han gifta seg aldri, og hadde ingen barn. Chalon du Blé døydde i Paris i 1730.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Man Who Would Be King; The Life of Philippe d'Orléans, Regent of France by Christine Pevitt. Published by Weidenfeld & Nicolson in Great Britain, 1997.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nicolas Chalon du Blé