Nicolas Chauvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nicolas Chauvin er ein fransk mytisk soldat som representerer overdriven patriotisme, og som har gjeve opphavet til nemninga sjåvinisme (fransk chauvinisme), ei sterk og einspora eldhug for fedrelandet. Myten om Nicolas Chauvin skal ha oppstått på 1800-talet. I lange tider trudde ein at soga om Nicolas Chauvin var sanning, slik det mellom anna vart sagt i leksikonet som Pierre Larousse stod attom. Men etter granskingar på 1990-talet har ein kome fram til at det dreier seg om ein oppdikta mann i ei oppdikta soge[1].

Nicolas Chauvin skal ha vore fødd i landsbyen Rochefort rundt 1780, og gjekk inn i militæret då han vart 18 år. Han skal ha vore med i styrkane til den franske revolusjonen i 1789, og seinare i La Grande Armée i den franske republikken under Napoleon. Han vart vidgjeten for si sjølvhevding og sjølvskryt. Ryktet seier at han vart såra 17 gongar i militærteneste og vart krøpling. Napoleon sjølv gav han ein æressabel og ein pensjon på 200 franc.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Doktorgradsarbeid av Gérard de Puymège frå 1993
  2. Barnhart, Clarence Lewis (1967). The New Century handbook of English literature. p. 232. Appleton-Century-Crofts, ASIN B000RZQH3W

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]