Nicolay Martens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicolay Martens
Fødd 12. januar 1842
Død

15. november 1905 (63 år)

Nicolay Johan Martens (12. januar 184215. november 1905) var ein norsk forstmann og politikar frå Bergen. Han var ordførar i Steinkjer 1881-90.

Martens var son til ein kjøpmann i Bergen. Sjølv gjekk han 1859-62 på skogskule i Tyskland og var frå den tid forstassistent, stasjonert i dagens Nord-Trøndelag. Frå 1880 var han styrar av skogskulen i Steinkjer, 1895 skogforvaltar i Inderøy herad og til sist skoginspektør for nordenfjeldske distrikt frå 1899.

Martens var ordførar i Steinkjer frå 1881 til -90, åra 1884-90 også forlikskommissær.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]