Nicole Schmidhofer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicole Schmidhofer


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 15. mars 1989 (35 år)
Friesach
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2018

Nicole Schmidhofer (fødd 15. mars 1989 er ein austerriksk alpin skirennar frå Schönberg-Lachtal i Steiermark. Ho vart verdsmeister i super-g-øvinga under VM i alpine greiner 2017. 2019-sesongen vann ho FIS-verdscupen i utfor.

Schmidhofer deltok i verdscupen i alpine greiner frå 15. mars 2007. Ti år seinare vann ho gullmedaljen i super-g under verdsmeisterskapen i St. Moritz. I tida frå 30. november 2018 til 7. desember 2019 sigra ho i fire verdscuprenn. Tre av triumfane kom i utforløypa i Lake Louise i Canada, ein fyrsteplass super-g kom i Garmisch-Partenkirchen. Gjennom vinteren 2019 viste Schmidhofer seg som verdas beste kvinnelege utforrennar med to fyrsteplassar og to andreplassar i øvinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]