Nidarnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nidarnes (norrønt Niðarnesi) er det namnet som vart nytta om området der byen Nidaros vart grunnlagd av Olav Tryggvason i 997. Namnet er nytta berre tre gongar i kongesogene.

Det er nemnd to gongar av Snorre. Den eine gongen i prologen til Heimskringla og den andre i prologen til Olavssoga. Vidare har Odd Munk nytta det ein gong i si soge om Olav Tryggvason. Både Snorre og Odd Munk baserte seg delvis på skriftlege kjelder som no er tapte. Snorre nytta Are frodes Konungaæfi og Odd Munk refererer til Sæmund frode. Begge bøkene vart til rundt år 1100. Då Snorre og Odd munk skreiv sine bøker om lag 100 år seinare var namnet Nidarnes gått ut av bruk.

Mellom historikarar er det uvisse kva Nidarnes var og kor det låg. Eit alternativ er at det er området mellom Skansen og Nidelva, altså heile halvøya. Eit anna alternativ er det sørlege neset der Nidelva svingar vestover opp frå fjorden. Det kan òg vere ein gard som Harald Hardråde gjorde til kongsgard og der han slo mynt med inskripsjonen Nidarnes. Denne siste tolkinga har sitt utgangspunkt i preposisjonsbruken knytt til Torgeir Avrådskoll som budde i Nidarnes (hann bjó þá í Niðarnesi) og ikkje Nidarnes.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nils Hellan, Sagakritiske og typonymiske bemerkninger til Trondheims eldste historie. Trondhjemske samlinger 1976