Nidaros erkebispedøme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For det lutherske bispedømet, sjå Nidaros bispedøme.

Nidaros erkebispedøme var eit katolsk erkebispedøme med sete i Nidaros. Det vart oppretta av kong Olav Kyrre mellom 1070 og 1080 som bispedøme. Bispedømet vart opphøgd til erkebispedøme i 1153. Erkebispedømet vart innstifta av pave Anastasius IV i 1154, og var i funksjon fram til reformasjonen i 1537. Erkebiskopen sitt hovudsete var Erkebispegarden, rett ved domkyrkja Nidarosdomen. Frå 1152 til 1154 var Nicholas Breakspear i Skandinavia som paveleg utsending, og organiserte opprettinga av erkesetet.

Utbreiing og jurisdiksjon[endre | endre wikiteksten]

Kart over den nordiske kyrkjeprovinsen (1153-1387)

Erkebispedømet omfatta i tillegg til Noreg øyane i vest i Noregsveldet. Nidaros var eit metropolitanerkebispedøme med fylgjande underliggjande bispedøme suffraganar:

Overhyrdar[endre | endre wikiteksten]

Lydbiskopar[endre | endre wikiteksten]

Lydbiskopane var knytt til kongen, og ikkje til eit bispedøme, men vart rekna som forløparar for dei eigentlege biskopane av Nidaros.

Biskopar[endre | endre wikiteksten]

År Biskop Anna
? Grimkjell Olav den heilage sin hirdbiskop
? Sigurd munk

Biskopar[endre | endre wikiteksten]

År Biskop Anna
? Adalbrikt Innsett av Olav Kyrre
? Simon Levde i 1139
? Ivar Kalfsson
?–1151 Reidar Truleg utnemnd til erkebiskop i Roma, døydde på heimvegen

Erkebiskopar[endre | endre wikiteksten]

År Biskop Anna
11531157 Jon Birgisson
1158/591188 Eystein Erlendsson Rekna som helgen etter at han døydde
11881205 Eirik Ivarsson
12061214 Tore I
12151224 Guttorm
12251226 Peter av Husastad
12271230 Tore II «den trøndske»
12311252 Sigurd Eindridesson
12531254 Sørle
12551263 Einar
12651267 Håkon
12671282 Jon Raude
12871309 Jørund Noregs siste jarl
13091331 Eiliv
13331346 Pål
13461349 Arne
13501370 Olav
13711381 Trond
13821386 Nicolaus Rusare
13871402 Vinald
14021428 Eskill
14281450 Aslak Bolt
14521458 Henrik Kalteisen
14581474 Olav Trondsson
14751510 Gaute
15101522 Erik Valkendorf
15231537 Olav Engelbrektsson