Nidhogg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nidhogg ved rota av Yggdrasil. Islandsk illustrasjon frå 1600-talet.

Nidhogg (norrønt Níðhǫggr) var i den norrøne gudetrua ormen som budde ved eine rota til verdstreet Yggdrasil.

Ormen livnærer seg på «lik av daude».

Den svære ormen prøvde stadig å gnaga sund rota så treet skulle rotna og døy. Men treet hadde ei eiga livskraft som gjorde at treet heldt seg oppreist og sterkt. Dessutan ausa dei tre nornene Urd, Verdande og Skuld vatn frå urdarbrunnen over såra på røtene kvar kveld, slik at dei blei lega.

Eit bilete av Nidhogg er gitt i siste strofa av Voluspå, etter volva har skildra den nye verda som kjem etter Ragnarok.

Kjem den dimme
draken fljugande,
fråne-orm, nedan
frå Nida-fjelli.
Ber lik i fjørom,
flyg yver voll
Nidhogg nåbleik.
No mun ho søkke.

Nidhogg var ein av dei som skulle overleva Ragnarok.