Niels Aall den eldre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niels Aall den eldre

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1702
London
Død

1784 (82 år)
Porsgrunn

Gravlagd Østre Porsgrunn kyrkje
Yrke forretningsdrivande, trelasthandlar
Ektefelle Margrethe Josten, Benedicta Henrikka Bergh, Frederikke Sophie Rasch
Niels Aall den eldre på Commons

Niels Jacobsen Aall (fødd 1702 i London, død april 1784 i Porsgrunn) òg kalla Niels Aall den eldre, var ein norsk kjøpmann, trelasthandlar, sagbrukseigar og skipsreiar i Porsgrunn. Han kom åleine til Noreg som barn i 1712, vart etter kvart forvaltar for Herman Leopoldus, og etablerte i 1730 eigen forretning og samla rikeleg eigedom i Telemark. Han er stamfar for slekta Aall i Noreg.[1][2]

Niels Aall var gift tre gonger og hadde barn i andre ekteskapet sitt med Benedicta Henrica Bergh (1714-1778), dotter av lagmann Nicolas Bergh, mellom anna:

  1. Nicolai Benjamin Aall (1739-1798) gift med Amborg Jørgensdatter Wesseltoft (1741-1815)
  2. Constance Aall (1747-1777) gift med Christian Rasch (1734-1813)
  3. Benedicte Henrikka Aall (1756-1813) gift med kammerherre Severin Løvenskiold (1743-1818)
  4. Jacob Aall (1754-1826) gift 1. med Edel M. Løvenskiold (1753-1795) og 2. med enka Christiane E. von Cappelen født Bøyesen (Ording) (1768-1833)
  5. Fransisca Margrethe Aall (1743-1789) gift med Jeremias Hagerup (1725-1795)

Blant Niels Aall sine etterkommarar er mellom anna eidsvollsmannen Jacob Aall, statthaldar Severin Løvenskiold, målaren August Cappelen, forlagsbokhandlar Jørgen Wright Cappelen, statsminister Carl Otto Løvenskiold, museumsdirektør Hans Aall, professor Didrik Arup Seip og visesongaren Ole Paus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Haagen Krog Steffens: Slægten Aall, Christiania, 1908
  2. Haagen Krog Steffens: Norske Slægter 1912, Gyldendal (dansk forlag), Christiania 1911