Niels Alstrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niels Alstrup

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. august 1820
Død

18. september 1906 (86 år)

Yrke prest
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Niels Alstrup på Commons

Niels Alstrup (18. august 182018. september 1906) var ein prest og ordførar frå Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Alstrup var son av klokkar i Gulen, Anders Furnæs, og vart oppkalla etter bygdas høgt akta sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl. Niels Alstrup byrja på prestestudiet i 1843 og avlagde teologieksamen i 1850. I perioden 1852–53 sat han som ordførar i Gulen, før han flytta til Bergen.[1][2]

Ivar Aasen oppheldt seg åtte veker i Eivindvik i 1843 i samband med språkstudia. Her stifta han godt venskap med Alstrup som i lengre tid hadde fått undervising av sokneprest Dahl.[3] Alstrup hadde òg fungert som lærar i lag med faren frå han var 12 år, og aleine frå 15 års alderen. Seinare treftest Alstrup og Aasen fleire gonger hos Alstrup i Christiania.[2]

Alstrup var sokneprest i Namsos frå 1865, seinare i Snåsa.[2] I 1900 var han busett i Bærum,[4] der han døyde seks år seinare.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]