Niels Bohr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Niels Bohr
Niels Bohr.jpg
Fødd Niels Henrik David Bohr
7. oktober 1885
København
Død 18. november 1962
København
Nasjonalitet Danmark
Område atomfysikk, teoretisk fysikk
Yrke fysikar, kjemikar, filosof, universitetslærar, matematikar, fotballspelar, teoretisk fysikar
Institusjonar Københavns Universitet
University of Manchester
University of Cambridge
Niels Bohr-instituttet
Alma mater Københavns Universitet
Trinity College i Cambridge
Doktorgradsrettleiar Christian Christiansen
Ektefelle Margrethe Nørlund
Barn Aage Niels Bohr, Ernest Bohr, Erik Bohr, Hans Bohr
Medlem Royal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Akademie der Wissenschaften der DDR
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Accademia Nazionale dei Lincei
Det pavelege vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det ungarske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Indian National Science Academy
American Philosophical Society

Niels Henrik David Bohr (7. oktober 188518. november 1962) var ein dansk fysikar som har gjeve avgjerande bidrag til forståinga av atomet sin struktur og utviklinga av kvantemekanikken. Niels Bohr fekk Nobelprisen i fysikk i 1922. Eit bilete av han pryder den danske femhundrekronesetelen i serien frå 1997.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bohr blei fødd den 7. oktober 1885 i København. Foreldra hans var Christian Bohr og Ellen Adler. Han døydde same stad den 18. november 1962.

I ungdomen sin spelte han fotball for Akademisk Boldklub, og var ein ivrig seglar. Bohr blei utdanna ved Universitetet i København i 1911, deretter fór han til Manchester i England og forska hos Ernest Rutherford. I 1913 offentleggjorde han ei skildring av atomet sin struktur. Denne skildringa er seinare blitt kjent som Bohr-modellen. Bohr blei i 1916 utnemnt til professor ved Universitetet i København. I 1921 kunne ein innvie det nyoppretta Universitetets Institut for Teoretisk Fysik på Blegdamsvej, med Niels Bohr som leiar. Han åt middag med kongefamilien i Noreg den 8. april 1940, rett før invasjonen av Noreg og Danmark. Han elska å gå på ski i fjella, spesielt i Noreg. Saman med Werner Heisenberg og andre arbeidde han i åra frå 1924 til 1927 med det som har vorte kalla København-tolkinga av kvantemekanikken.

Niels Bohr sin son Aage Niels Bohr blei sjølv tildelt Nobelprisen i fysikk i 1975.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Niels Bohr