Niels Friis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Niels Thomassen Friis var ein norsk krigar og prest som levde på 1600-talet.

Det er nærmast uråd å greie ut om dei mange Friisættene i Norderlanda i seinmellomaldaren. I Danmark er det på 13- og 1400-talet ei tylft med Friisar som fører segl og ulike våpen.

Niels Thomassen Friis tok artium ved Trondheim katedralskole i 1656, deltok så som student i forsvaret av Københamn fire år seinare, for så å dra til sjøs med Cort Adelers nye orlogsflåte.

Han vart residerande pastor til Vanylven i 1669. Grunna forsvaret av Københamn hadde han òg kongeleg benådingsbrev på Volda frå 1667, "dog forsaavidt han i Lærdom og Levnet viste sig værdig dertil". Då gamlepresten i Volda døydde sommaren 1673, heiste Friis straks segl for dette nye kallet. Året etter vart han dømd til å miste kappe og krage. Han hadde drabeleg verna sitt nye embete samt ei straffepiska kvinne som han hadde teke til seg. Det var nett som om han heiste marinens krigsflagg over Volda kyrkje, så at dei meir normale prestane som bispen sende for å halda altergang, slett ikkje torde nærme seg kyrkja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Valdemar Rørdam: De danske og norske Studenters Deltagelse i Kjøbenhavns Forsvar, s.158,192.