Niels Griis Alstrup Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Niels Griis Alstrup Dahl
Fødd14. mars 1778
Kvinnherad
Død4. august 1852
Eivindvik
NasjonalitetNoreg
Yrkeprest, politikar
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Niels Griis Alstrup Dahl (14. mars 17784. august 1852) var ein norsk prost, stortingsrepresentant, ordførar og folkeopplysar. Han fekk mykje å seia for folket i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, der han var busett store delar av livet sitt. Henrik Dahl var soneson hans.

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Dahl vart fødd i Uskedalen i Kvinnherad som den nest eldste av tolv sysken i ein velståande familie. Faren var offiser. Han gjekk på katedralskulen i Bergen, vart student i 1796 og cand.theol. ved Universitetet i København år 1800.

I åra som kom var han medhjelpar hjå den kjende presten Niels Hertzberg i Kvinnherad. 1804 vart han tilsett som kapellan i Eivindvik prestegjeld i Gulen og vart i 1807 sokneprest der. Frå 1823 til 1847 var han også prost i Ytre Sogn prosti.

Han gifte seg med Hylleborg Hertzberg i 1805. Dei hadde ikkje born sjølve, men hadde fleire til oppfostring.

Jordbruks- og skuleverksemd[endre | endre wikiteksten]

For å syna bøndene i Gulen godt jordbruk, dyrka han på eigen kostnad opp den usle prestegarden til eit storarta mønsterbruk ved hjelp av moderne metodar. Biskop Jacob Neumann meinte Dahl hadde «trodset Naturen» med arbeidet sitt. Dahl var også leiar for eit stort jordskiftearbeid i Gulen. Frå 1817 til 1840 vart om lag 200 bruk skifte ut or teigblandinga. Avlinga vart dobla på mange bruk på grunn av dette. Dahl fekk også bøndene til å ta i bruk ein byggjeskikk som trong mindre vedlikehald, ved å nytta gråstein til uthus og grunnmurar.

Dahl satsa på gode lærarar som han sjølv lærte opp i prestegarden, der han husa dei gratis, og betalte også vidareutdanninga for somme. Ein annan prost meldte i 1820 at «I intet af de andre Præstegjeld (i Sogn) haves så gode Skoleholdere som i Eivindvig». Dahl oppretta to faste skular i 1825; lenge før det var vanleg med faste skular på distrikta. I 1829 skipa han ei lokal folkeboksamling. Dahl skreiv sjølv fleire artiklar om historiske emne, t.d. om dei to steinkrossane i Eivindvik. Han skreiv også om det gamle Gulatinget og samla informasjon om prestehistoria i Bergen stift.

Helsestell og anna[endre | endre wikiteksten]

Frå 1806 til 1808 vaksinerte han eigenhendig dei om lag 3500 innbyggjarane i Eivindvik prestegjeld mot koppar. Ingen fekk konfirmera seg utan å leggja fram vaksinasjonsprov mot koppar. Då det nokre år seinare braut ut kopparepidemi i området, slapp prestegjeldet svært godt ifrå det; berre to menneske vart lettare angripne. Dahl såg også til at det vart tilsett jordmor i distriktet frå 1828, Ingeborg Marianne Svabø frå Sygnefest. For å koma alkoholmisbruket til livs kjøpte Dahl også opp to skjenkjestader i Gulen i 1827 og 1840. Dessutan stod han bak eit stort vegbyggingsprosjekt i Gulen for å knyta bygdene saman.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1814 representerte han Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane) på Stortinget. Der vart han ein av dei fem representantane som stemte mot unionen mellom Noreg og Sverige. Han sat også på Stortinget i åra 1827, 1828 og 1830. På desse tre tingsamlingane var han medlem av Lagtinget. I 1827 var han elles medlem av kyrkjekomiteen, i 1828 av reglementskomiteen og i 1830 av valkomiteen, kyrkjekomiteen og matrikkelkomiteen.

Same året som formannskapslovene vart innført, i 1837, vart Dahl gjort til den fyrste ordføraren i Gulen og vart sitjande til 1848. Han var også den fyrste fylkesordføraren i Nordre Bergenhus amt, då han vart vald til «oppmann» på det første amtstinget i 1838.

Heider[endre | endre wikiteksten]

For den store innsatsen sin i Eivindvik prestegjeld vart han tildelt Medaljen for borgardåd i 1825 og vart medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1829.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Dei siste ti leveåra hans var prega av sjukdom. Han døydde i prestegarden i 1854 og er gravlagd ved Gulen kyrkje i Eivindvik. Henrik Wergeland heidra Dahl i diktet Eivindvig (1833): «Brød af Steen og Aand af Strile Dahl i Eivindvigen tvang». I Eivindvik kan ein også sjå ei minnestøtte over Dahl, laga av Elisabeth Steen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]