Niels Holst-Sørensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niels Holst-Sørensen

Statsborgarskap Danmark
Fødd 19. desember 1922
Sønder Felding
Død

24. oktober 2023 (100 år)

Yrke friidrettsutøvar, militær
Høgd 178 centimeter
Medlem av Den internasjonale olympiske komitéen

Niels Holst-Sørensen (19. desember 192224. oktober 2023) var ein dansk friidrettsutøvar, generalmajor i det danske flyvåpenet og medlem av IOK. Han var fødd i Søndre Felding i Herning kommune.

Holst-Sørensen begynte med friidrett i Herning GF og kom i 1944 til Københavns Idræts Forening. I perioden 1943-47 vann han 18 danske meisterskapsøvingar. Under EM i friidrett 1946 i Oslo vann han gullmedaljen på 400 meter og sølvmedaljen på 800 meter. Han slutta med friidrett etter ein niande- og sisteplass i 800-meterfinalen ved Sommar-OL 1948 i London.

Holst-Sørensen sin danske rekord på 47,6 sekundar på 400 meter stod i 27 år fram til Arne Jonsson hausten 1971 forbetra den til 47,1. Hans 1,48,9 på 800 meter, oppnådd i landskamp i Stockholm i 1943, var dansk rekord til Gunnar Nielsen forbetra den elleve år seinare.

Holst-Sørensen var utdanna militær offiser. Frå 1970 var han generalmajor og sjef for Flyvevåbnet i Danmark til 1982. Deretter var han dansk medlem i NATO sin militærkomité til 1986.

Holst-Sørensen var 1981-84 formann i Danmarks olympiske komité, og 1977-2002 medlem i Den Internasjonale Olympiske Komité (IOK). Perioden 1993-2002 var han styremedlem i Danmarks Idræts-Forbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]