Niels Johan Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Niels Johan Nielsen (26. august 183311. desember 1898) var ein norsk skulemann frå Bergen, stortingsmann 1877-79.

Nielsen var son til ein bøkkarmeister. Sjølv vart han student i 1851 og studerte teologi, cand.theol. 1856. Han var dei neste åra lærar ved privatskular i Bergen, frå 1864 til 1890 adjunkt ved Bergens katedralskole. Attåt lærargjerninga var han aktiv i religions-arbeid, mellom anna som ordførar i hovudstyret for Foreningen til evangeliets forkyndelse for skandinaviske sjømænd i fremmede havne i 21 år (1868-89) og medhjelpar i Korskirken sokn 1878-88.

Nielsen var medlem av formannskapet i Bergen 1873-76, varaordførar 1876. Sidan var han bystyremedlem 1877-88. På valtinget 1876 vart han vald til 1. representant frå Bergen til Stortinget og møtte 1877-79 på Tinget, der han var medlem i Kyrkjekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]