Niels Klims underjordiske Rejse
Nicolai Klimii Iter Subterraneum | |||
![]() | |||
Forfattar(ar) | Ludvig Holberg | ||
---|---|---|---|
Språk | latin | ||
Sjanger | science fiction, fantasy, satirisk fiksjon | ||
Utgjeven | 1741 |

Niels Klims underjordiske Reise er ein satirisk roman frå 1741 av Ludvig Holberg. Han skreiv romanen på latin under tittelen Nicolai Klimii Iter Subterraneum[1] og nådde med dette eit langt større publikum enn om han hadde vore skriven på dansk. Romanen blei omsett til dansk fleire gonger, blant anna av Jens Baggesen i 1789. Han er omsett til norsk som Niels/Nils Klims reise til den underjordiske verden.
Handling
[endre | endre wikiteksten]Hovudpersonen i boka, den norske studenten Niels Klim, vender tilbake til fødebyen sin Bergen etter å ha tatt studentareksamen. På ein tur litt utanfor byen fell han ned i eit djupt hol i klippa og landar på ein planet i det indre av jorda, Nazar. Her møter han mange ulike besynderlige samfunn.
Dei blir satirisk skildra av Ludvig Holberg, som dermed kan driva gjøn med samtida si ustraffa. Eit av landa heietr Potu, som som er ei lett omskriving av namnet Utopia. Romanen liknar Jonathan Swift sin satiriske roman Gullivers reiser frå 1726.[2]
Den verkelege Niels Klim
[endre | endre wikiteksten]Den verkelege Niels Klim var ein danske som var fødd i landsbyen Klim i Thisted Amt 29. april 1620. Far hans var prest der, og borna fekk namn etter landsbyen. Kva tid Niels Klim kom til Bergen er ikkje kjent, men 26. desember 1649 blir ein Niels Andersen frå Nørre Rørbæk i Sletherred innskriven i Bergen borgarbok.[3] Sletherred ligg ikkje langt frå Klim, så innføringa kan godt gjelda han.[4] Klim blei verande i Bergen til han døydde 13. mai 1690. Han gifta seg med Barbara Pedersdatter de Fine, som var ein fjern slektning av Holberg. Paret budde i det som i dag er Kong Oscarsgade. Litt lenger nede i same gate budde Holberg seinare hjå morbroren sin Peder Lem. Han var den næraste naboen til diktaren Dorothe Engelbretsdatter,[5] som Klim òg må ha kjend.
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]Jens Baggesen si omsetjing blei illustrert med teikningar av Nicolai Abraham Abildgaard, stukke i kopar av Johan Frederik Clemens. Denne praktutgåva, som blei utgitt av eit selskap, blei påkosta av historikaren Peter Frederik Suhm.
I Noreg blei romanen fyrst gjeven ut i 1978 på Eide forlag i ei omsetjing av Kjell Heggelund, med tittelen Niels Klims reise til den underjordiske verden. Boka blei også gjeven ut på Aschehoug forlag i 1984 og Oktober forlag i 2004 under tittelen Nils Klims reise til den underjordiske verden.
Teater
[endre | endre wikiteksten]I 2017 viste Nasjonalteateret familieførestillinga Nils Klims reise til underverdenen, «en humoristisk og varm fortelling for hele familien om å navigere uten spilleregler», bygd på Holberg sin roman.[6]
Tv-serie
[endre | endre wikiteksten]I 1984 blei soga filmatisert til ein tv-serie i tre avsnitt for DR. Tittelrolla blei spelt av Frits Helmuth. Av andre medverkande kan nemnast Louis Miehe-Renard, Gerz Feigenberg, Baard Owe og Tommy Kenter.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Innbyggjar i Martinia med parykk Illustrasjon frå førsteutgåva 1741.
-
Dom over den døde innbyggjaren frå Potu. Illustrasjon stukken av Clemens etter ein teikning av Abildgaard, frå Jens Baggesen si danske utgåve frå 1789.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nicolai Klimii Iter Subterraneum by Niels Klim
- ↑ litteraturnu.dk Arkivert 29. september 2007 ved Wayback Machine..
- ↑ [daud lenkje] https://www.bergen.kommune.no/organisasjonsenhet/byarkivet?articleId=22773&artSectionId=3665§ionId=3665&bildeNr=0&mode=stortbilde (Webside+ikke+længere+tilgængelig)
- ↑ Joh. Nordahl-Olsen: Ludvig Holberg i Bergen (s. 76), John Griegs forlag, Bergen 1905.
- ↑ Dorothe Engelbretsdatter – Kalliope
- ↑ Nasjonalteaterets familiforestilling Nils Klims reise til underverdenen 2017
- Denne artikkelen bygger på «Niels Klims underjordiske Rejse» frå Wikipedia på dansk, den 15. mars 2025.