Nif

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nif
fjell
Luvisk krigarprinsmonument skore ut i stein og datert til seint på 1200-talet fvt. ved Karabelpasset i Nif
Land  Tyrkia
Provins provinsen İzmir
Topp Kemalpaşa
 - høgd 1 510 moh.
Kart
Nif
38°17′58″N 27°01′08″E / 38.29944444°N 27.01888889°E / 38.29944444; 27.01888889
Wikimedia Commons: Mount Nif

Nif er eit fjell i distriktet Kemalpaşa, like aust for byen İzmir vest i Tyrkia. Det har ei høgd på 1510 meter over havet og var eit av dei nitten fjella som hadde namnet Olympus i antikken.

Nif strekkjer seg vestover frå Bozdağlarfjella, som skil dalane til elvane Gediz Nehri og Küçük Menderes, dei to største elvane i regionen.

Karabelpasset som går over fjellet er kjend for monumentet av ein luvisk krigarprins som er skoren ut i fjellet på 1200-talet fvt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nif