Nigardsbreen

Koordinatar: 61°42′N 07°08′E / 61.700°N 7.133°E / 61.700; 7.133
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nigardsbreen
isbre
Nigardsbreen og Nigardsbrevatnet
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Luster
Type Botnbre
Arm Jostedalsbreen
Areal 47,82 km²
Lengd 9,6 km
Toppunkt 1960 moh
Botnpunkt 320 moh
Endepunkt Nigardsbrevatnet
Status Fronten rykker sakte fram, men breen har negativ massebalanse.
Koordinatar 61°42′N 07°08′E / 61.700°N 7.133°E / 61.700; 7.133
Kart
Nigardsbreen
61°41′12″N 7°11′45″E / 61.686666666667°N 7.1958333333333°E / 61.686666666667; 7.1958333333333
Wikimedia Commons: Nigardsbreen

Nigardsbreen er ein brearm av isbreen Jostedalsbreen. Han ligg i Luster kommune i Vestland. Kvar sommar går eit stort tal turistar på brevandring på Nigardsbreen.

NVE har sidan 1962 teke massebalansemålingar og frontmålingar av Nigardsbreen. I perioden 1962 - 2003 hadde isbreen eit netto overskot på totalt 17 meter vassekvivalentar (is og snø tilsvarande 17 meter vatn over heile breen). Spesielt på 1990-talet hadde breen monaleg overskot. Etter år 2000 har massebalansen vore negativ, og med somme år der heile snølag som har kome om vinteren har smelta vekk i løpet av sommaren (2003).

Brevandring på Nigardsbreen

Frontmålingane har vist ei kraftig tilbaketrekking frå slutten av 1930-talet og fram til 1980-talet då tilbakegangen vart mindre. Etter dette har breen rykt fram om lag 280 meter.

Nigardsbreen er ein stor turistattraksjon som vert vitja av mange turistar årleg og fleire turistar er vortne skadde opp gjennom åra. Sommaren 1986 hadde smeltevatnet demt seg opp inne i isbreen og då demninga brast 22. juli kom det brått ut store mengder vatn og isblokker. Tolv menneske vart tekne av straumen og to av desse drukna, medan resten vart hardt skadde. 12. august 1994 hende noko liknande då isbreen kalva og ei polsk kvinne og to andre vart alvorleg skadde. Kvinna vart treft av isen og kasta ut i vatnet. 14. oktober 1995 døydde ein mann då han fall ned i ein bresprekk på breen.[1]

Garden Nigard vart totalt øydelagd sommaren 1743 då Nigardsbreen strekte seg heilt ned til garden.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nigardsbreen