Nigel Olsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nigel Olsson
Nigel Olsson 2007.jpg
Olsson med Elton John band i mai 2007 i Alabama
Fødd 10. februar 1949 (68 år)
Wallasey i Merseyside i England
Wallasey
Instrument trommer, vokal, tamburin, congatrommer
Sjanger Rock
Aktive år 1967–i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar Plastic Penny, Elton John, Uriah Heep, Spencer Davis Group
Plateselskap Page One, Uni, Rocket, Polydor, Columbia, Bang, 81, Artful Balance
Nettstad www.nigelolsson.com

Nigel Olsson (fødd 10. februar 1949) er ein engelsk trommeslagar, som er mest kjend for arbeidet sitt med Elton John. Når han ikkje har arbeidd med John, har han jobba mykje som studiomusikar og har òg hatt ein eigen solokarriere.

Det første bandet han spelte inn med var Plastic Penny. Han slo seg så saman med bassisten Dee Murray, og spelte i konsertbandet til Elton John, og sidan på mange av dei mest kritikarroste albuma hans. I 1971 gav Olsson ut det første soloalbumet sitt, Nigel Olsson's Drum Orchestra and Choir med Murray og ein av dei første gitaristane til John, Caleb Quaye. Olsson spelte òg med bandet The Big Three. Han slutta å spele med Elton John etter 1975, men kom attende i turnebandet hans i 2000.

Olsson var òg ei kort stund i det engelske hardrockbandet Uriah Heep, og spelte trommer på nokre songar på debutalbumet deira Very 'eavy... Very 'umble i 1970.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

År Artist Album Selskap
1971 Nigel Olsson Nigel Olsson's Drum Orcehstra and Choir Uni Records
1973 The Big Three Resurrection Polydor Records
1975 Nigel Olsson Nigel Olsson Rocket Records
1978 Nigel Olsson Nigel Olsson Columbia
1979 Nigel Olsson Nigel Columbia
1980 Nigel Olsson Changing Tides Bang Records
2001 Nigel Olsson Move The Universe 81 Records

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]