Nigel Pegrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nigel Pegrum
Fødd22. januar 1949 (70 år)
OpphavStorbritannia
Verka somtrommeslagar, musikkprodusent, komponist

Nigel John Pegrum (fødd 22. januar 1949) er ein britisk trommeslagar som var medlem i Small Faces og Steeleye Span før han vart produsent.[1]

Nigel Pegrum spelte trommer i ei tidleg utgåve av Small Faces, før han spelte trommer med Lee Grant and The Capitols og så Spice, som endra namn til Uriah Heep og erstatta han med ein trommeslagar som hadde ein tyngre stil. Han vart så med i kunstrockbandet Gnidrolog, der han òg spelte fløyte og obo. Steeleye Span valte til slutt å ta inn ein trommeslagar som fulltidsmedlem og inviterte Pegrum. Han var med bandet dei neste 17 åra før han flytta til Australia og spelte inn album med verdsmusikk i lag med urfolket der.

I 1979 skipa Pegrum og Steeleye Span-bassisten Rick Kemp Plant Life Records. Eit tredje medlem av Steeleye Span, Maddy Prior, spelte inn eit av albuma hennar på selskapet. Dei mest suksessrike platene var med Tannahill Weavers. Nigel var produsent på over 30 album på selskapet. Dei la ned verksemda i 1984. Pegrum har òg vore studiomusikar for June Tabor, Wizz Jones, Rosie Hardman og John Otway.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Seaman Dan wins his second ARIA». ABC Online. 12. november 2009. Henta 13. mai 2011.