Niggli Nunataks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 80°38′S 23°20′W
Niggli Nunataks
nunatak
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Fjellkjeder Read Mountains
Stad Coats Land
 - høgd 1 470 moh.
 - koordinatar 80°38′S 23°20′W
Administrert under Antarktistraktaten

Niggli Nunataks
80°37′60″ S 23°19′60″ W
Niggli Nunataks is located in Antarktis
Niggli Nunataks (Antarktis)

Niggli Nunataks er ei gruppe nunatakar 6 nautiske mil (11 km) nord-nordaust for Mount Wegener, med ei høgd opp mot 1470 m nær austenden av Read Mountains i Shackletonkjeda. Dei vart fotograferte frå lufta av U.S. Navy i 1967 og kartlagde av British Antarctic Survey (BAS) i 1968-71. I samband med at stader i området vart namngjevne etter geologar, vart dei gjeve namn av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1971 etter Paul Niggli (1888–1953), ein sveitsisk geolog som innførte katalogisering av magmatypar etter molekylverdiar. Han var geologiprofessor ved Universitetet i Zürich.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Niggli Nunataks» (innhald frå Geographic Names Information System).