Night of the Living Dead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Night of the Living Dead
Språk Engelsk
Sjanger Skrekkfilm
Produsent Karl Hardman
Russel Streiner
Manus George A. Romero
John A. Russo
Medverkande Duane Jones
Judith O'Dea
Sjeffotograf George A. Romero
Filmformat 1,37:1
Utgjevingsår 1. oktober 1968
IMDb-profil

Night of the Living Dead er ein svart-kvit zombiefilm frå USA som vart regissert av George Romero i 1968. I filmen spelar Duane Jones og Judith O'Dea hovudrollane som Ben og Barbra. På mystisk vis vert dei daude levande att, som zombiar med ein hunger etter mannekjøt. Ben og Barbra må i lag med fem andre menneskje kjempe for å overleve på eit landsens gardsbruk i Pennsylvania.

Romero debuterte som filmregissør, og produserte filmen for eit budsjett på 114 000 amerikanske dollar. I tiåret etter premieren skulle det komme fleire gjenutgjevingar på kino, og ein trur filmen har tent inn 12 millionar dollar i USA og 30 millionar dollar på den internasjonale marknaden.[1][2] Night of the Living Dead vart sterkt kritisert i samtida for grovt innhald. I 1999 gav det amerikanske Library of Congress filmen innpass i United States National Film Registry, eit oversyn over det dei kallar historiske, kulturelle og estetisk viktige filmar.[3]

Filmen hadde ein stor påverknad på kulturen i Vietnam-tida sitt USA. Han er ofte sett på som tungt lada samfunnskritikk og har blitt skildra som subversiv på fleire plan.[4] Night of the Living Dead er ikkje den første zombiefilmen som er laga, men har hatt innflytelse på talrike filmar og ein kan sjå på den som den første av undersjangeren «zombie-apokalypse» i skrekksjangeren. Det moderne pop-kulturelle synet på zombien kom kanskje nettopp frå Night.[5] Filmen er den første av fem Dead-filmar regissert av Romero, og blei gjeninnspelt i 1990.

Tittel[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i produksjonen hadde skriptet tittelen Monster Flick, men filmen var òg kjent som Night of Anubis og Night of the Flesh Eaters før han var ferdig.[6]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Filmen Night of the Living Dead

Filmen opnar med at ein kriminell som skal gravleggast våknar frå dei døde. Dette skremmer vekk dei to gravarane. Den udøde angrip so eit søskenpar som er på besøk på gravplassen. Søstera flykter og søkjer tilflukt i eitt avsidesliggande hus. Vi oppdagar at det er fleire udøde menneskjer som vandrar i natta. Det vert ein kamp for å overleve, der ei lita gruppe menneskje må prøve å samarbeide for å leve lenge nok til å bli redda. Det skal vise seg å bli vanskeleg på fleire måtar.

Handlinga vekslar no mellom gruppa si kamp for å overleve og dei rapportane i massemedia som dei overlevande klarar å få tak i.

Påverknad i popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Gjenoppstått som udød et Karen Cooper (Kyra Schon) på liket av far sin.

Med Night of the Living Dead fornya George Romero skrekkfilmindustrien. Ifølgje Almar Haflidason frå BBC representerte filmen ein ny epoke for skrekkfilm.[7] Tidlege filmar med zombia, som Victor Halperin sin White Zombie (1932), Jacques Tourneur sin I Walked with a Zombie (1943) og John Gilling sin The Plague of the Zombies (1966), involverte levande menneskje trollbunde av ein heksedokter med voodoo. Mange av desse filmane var sett til Karibia.

Filmen og oppfølgjarane fekk eit utal imitatorar som lånte element oppfunne av Romero: Tombs of the Blind Dead (1971), Zombie (1979), Hell of the Living Dead (1980), The Evil Dead (1981), Night of the Comet (1984), Return of the Living Dead (1985), Night of the Creeps (1986), Children of the Living Dead (2001), og videospelserien Resident Evil (seinare laga film av som 2002, 2004, og 2007), Dead Rising og The House of the Dead. Night of the Living Dead vart parodiert i filmar som Night of the Living Bread (1990) og Shaun of the Dead, og i episoder til The Simpsons («Treehouse of Horror III», 1992) og South Park («Pink Eye», 1997; «Night of the Living Homeless», 2007 ).[8][9][10] Ordet «zombie» er aldri brukt i Night, men Romero sin film starta med zombiar som kjøtetande kannibalar gjenoppstått ifrå dei døde.[11][12]

Night of the Living Dead introduserte undersjangrane slasher og splatter-film. Som ein filmhistorikar peikte på, hadde skrekk før Romero sin film dreid seg rundt gummimasker og kostymer, filmsett av papp eller mystiske figurar gøymt i skuggane. Desse filmane var sett på plassar langt frå amerikansk landsbygd og forstadar.[13] Romero viste krafta som låg i exploitation og sette skrekk til vanlege og ordinære plassar, med ein modell for å lage effektiv og innbringande film på eit minimalt budsjett.[4] Slasherfilm i 1970- og 80-åra skulle skulde mykje til den originale Night of the Living Dead, med filmar som John Carpenter sin Halloween (1978), Sean S. Cunningham sin Friday the 13th (1980), og Wes Craven sin A Nightmare on Elm Street (1984).[14]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Night of the Living Dead hos VH1.com; sist nedlasta 24. juni 2006.
  2. Forretningsdata for filmen på Internet Movie Database; sist nedlasta 24. juni 2006; plasserer innteninga på 12 millionar dollar til januar i året 2000, ikkje 1979.
  3. «U.S. film registry adds 25 new titles», 16. november, 1999, hos CNN; sist nedlasta 24. juni 2006.
  4. 4,0 4,1 Adam Rockoff, Going to Pieces: The Rise and Fall of the Slasher Film, 1978–1986 (Jefferson, N.C.: McFarland, 2002), p. 35, ISBN 0-7864-1227-5.
  5. «Zombie Movies» i The Encyclopedia of Fantasy, red. John Clute and John Grant (New York: St. Martin's Press, 1999), p. 1048, ISBN 0-312-19869-8
  6. Scrapbook, Special Features, Night of the Living Dead, Millennium Edition (DVD, Elite Entertainment, 2002).
  7. Almar Haflidason, melding av Night of the Living Dead, 20. mars 2001, på BBC; sist henta 24. juni 2006.
  8. Rockoff, Going to Pieces, p. 36.
  9. "Treehouse of Horror III," episode 64, The Simpsons, October 29, 1992, på Internet Movie Database; sist lasta 24. juni 2006.
  10. "Pink Eye," episode 107, South Park, October 29, 1997, på South Park: The Complete First Season (DVD, Warner Bros., 2002)
  11. Andrew Tudor, Monsters and Mad Scientists: A Cultural History of the Horror Movie (Oxford, Eng.: Blackwell Publishing, 1989), p. 101, ISBN 0-631-16992-X .
  12. Collum, Assault of the Killer B's, p. 3.
  13. Jones, Rough Guide to Horror, s. 117.
  14. Grant, "Taking Back the Night of the Living Dead," p. 201.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]