Nights into Dreams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nights into Dreams…
Utviklar(ar)Sonic Team
Utgjevar(ar)Sega
DistributørSteam, Humble Store, PlayStation Now, PlayStation Store
Kreativt ansvarleg(e)Naoto Ohshima
Produsent(ar)Yuji Naka
Design(ar)Takashi Iizuka
Komponist(ar)Naofumi Hataya
SerieNiGHTS
Plattform(er)Sega Saturn, PlayStation 2, Microsoft Windows, PlayStation 3, Xbox 360
UtgjevingJP: 5. juli 1996
NA: 20. august 1996
EU: 7. oktober 1996
SjangerAction
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://www.sega.co.jp/nights/, http://www.sega.co.uk/games/nights-into-dreams/
Del av serien NiGHTS⠀

Nights into Dreams… er eit actionspel utvikla av Sonic Team og utgjeve av Sega til Sega Saturn i 1996. Historia i spelet følgjer dei to tenåringane Claris og Elliot, som entrar Nightopia, eit draumeland der alle draumar går føre seg. Med hjelp frå Nights, ein utlæg «nightmaren», startar dei på ei reise for å hindre den vonde herskaren Wizeman frå å øydeleggje Nightopia og følgjeleg den verkelege verda. Spelaren styrer Nights gjennom draumane til Claris og Elliot for å samle nok energi til å nedkjempe Wizeman og berge Nightopia. Spelet er presentert i 3D og pålegg spelaren tidsavgrensingar på kvart nivå, der spelaren samlar saman poeng for å halde fram.

Sega Saturn 3D-kontroll, som vart inkludert saman med utvalde kopiar av Nights into Dreams

Utviklinga av Nights into Dreams var leidd av Sonic Team-veteranane Yuji Naka, Naoto Ohshima og Takashi Iizuka. Naka byrja på prosjektet med hovudideen som fokuserte på flyging, og Ohshima designa figuren Nights som ein androgyn karakter og til å likne ein engel som kunne fly som ein fugl. Gruppa gjorde forsking på drøyming og REM-søvn, og var påverka av verka og teoriane til Carl Jung og Sigmund Freud.[1] Ein analog handkontroll, kalla Saturn 3D-kontrollen, vart utvikla samstundes med spelet og inkludert i pakken med nokre av kopiane av Nights into Dreams hjå detaljhandlarar.

Nights into Dreams fekk positiv mottaking for grafikken, spelemekanikkane, lydsporet og atmosfæren i spelet.[2][3] Ei kort utgåve av spelet med juletema, Christmas Nights, vart utgjeven i desember 1996.[4] Spelet vart utgjeve i Japan til PlayStation 2 i 2008 og internasjonalt i ei forbetra utgåve til PlayStation 3, Xbox 360 og Windows i 2012.[5]

Ein oppfølgjar, Nights: Journey of Dreams, vart utgjeven til Wii i 2007.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «A Yuji Naka Interview». nightsintodreams.com. Henta 18. august 2018. 
  2. «NiGHTS Into Dreams HD review». Eurogamer. Henta 18. august 2018. 
  3. «NiGHTS Into Dreams… Retro Review». IGN. Henta 18. august 2018. 
  4. «Christmas NiGHTS Into Dreams retrospective». Eurogamer. Henta 18. august 2018. 
  5. «Ukens nettutgivelser». Gamer.no. Henta 18. august 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]