Niha Bekaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niha
نيحا
by
Det nedre store romerske tempelet i Niha i Bekaa
Land  Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Zahle distrikt
Høgd 1 100 moh.
Koordinatar 33°53′41″N 35°57′49″E / 33.89472°N 35.96361°E / 33.89472; 35.96361
Areal 9,7 km² [1]
Folketal 3 400  (2008)
Kart
Niha Bekaa
33°53′41″N 35°57′49″E / 33.89472222°N 35.96361111°E / 33.89472222; 35.96361111
Wikimedia Commons: Niha Bekaa

Niha (arabisk نيحا) er ein landsby i Bekaadalen i Libanon, kring 8 km nord for Zahlé. Han er kjend for dei romersk ruinane, og særleg to lågare romerske tempel som er daterte til det første hundreåret evt.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Niha vert nytta av fire libanesiske byar eller landsbyar: Niha i Zahlé i Bekaa; Niha i Batroun; Niha i Tyr og Niha i Chouf. Ordet neeha er assyrisk og syner til at staden er fredfull.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen ligg kring 65 km aust for den libanesiske hovudstaden Beirut ved sidan av hovudvegen til Baalbek. Han ligg 8 km nord for Zahlé og nesten 2 km nordaust for byen Ablah. Landsbyen ligg i ei lita kløft, kring 1 100 m.

Niha grensar i vest til fjella Libanonfjella og fjellet Sannine, i nord til landsbyen Tamnine, i sør til landsbyane Nabi Ayla (arabisk نبي أيلا) og Forzol (arabisk ألفرزل), og i aust til Ablah og den frodige sletta i Bekaadalen. Klimaet i Niha er tørt og temperert. Temperaturane varierer frå 27 °C, med heitebølgjer der temperaturen kan nå 40 °C. Vintrane er kjølige og kan vere våte. Årsnedbøren er kring 500 mm og det kan falle opp mot 1 m snø. Vintertemperaturen er i snitt 5 °C, men stundom kan temperaturen falle under -10 °C.[2]

Panorama i Niha i Zahle.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er usikkert når landsbyen vart grunnlagd og historia følgjer i stor grad historia til Libanon.[3] Bekaadalen var ein bysantinsk skanse fram til den islamske erobringa. Etter islam kom til området, vart mange delar av Libanonfjella, hovudsakleg Keserwan, busett av sjiamuslimar, som var verna av fatimidane. Då krosstoga og mamelukkane kom til området på 1100- og 1200-talet, flykta sjiamuslimane til Bekaadalen, der dei framleis er i dag i dei nordlege områda. Då osmanarane kom til området på 1500-talet, var Bekaa-området ein del av Damaskus vilajet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Niha (Zahleh)». Localiban. 13. februar 2008. Henta 22. september 2014. 
  2. http://www.fao.org/sd/climagrimed/pdf/ws01_24.pdf
  3. Kamal Salibi, «The Modern Historie of Libanon,» (Introduction) Caravan Books, 1977

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]