Hopp til innhald

Nihali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nihali
Klassifisering Isolat
Bruk
Nihalitalande i alt cirka 2000
Språkkodar
ISO 639-3 nll
Glottolog niha1238


Historisk nihalispråkleg område på grensa mellom Maharashtra i sør og Madhya Pradesh i nord.

Nihali eller nahali er eit isolert språk som blir snakka i det vestlege og sentrale India, i Madhya Pradesh og Maharashtra, av rundt 2000 menneske (etter ei undersøking frå 1991) i ei etnisk befolkning på rundt 5000 menneske. Området der nihali framfor alt blir snakka er rett sør for elva Tapti rundt landsbyen Tembi i distriktet Nimar i Madhya Pradesh.

Språket har mange ord som er lånt frå nabospråka. Rundt 60-70 prosent av låna er tekne frå korkuspråket (25 prosent av ordtilfanget og det meste av morfologien), frå dravidiske språk og frå marathi, men store delar av kjerna i ordtilfanget kan ikkje bli knytt til desse eller noko anna språk, slikt som talorda og ord for grunnleggjande konsept som «blod» og «egg».

Forskaren Franciscus Kuiper var den første til å foreslå at språket ikkje er i slekt med noko anna indisk språk, med eit grunnleggjande ordtilfang som ikkje var avleidd frå korku eller noko dravidisk språk, men var eit språk snakka av ei tidlegare befolkning i India, eit paleo-indisk språk. Han utelukka likevel ikkje at nihali kunne vera eit munda-språk, dvs. i slekt med korku. Nihaliane har levd lenge i ein symbiotisk, men sosialt underordna tilhøve til korkufolket, og er tospråklege i nihali og korku, men der nihali ofte blir brukt for å hindra at korfufolk skal skjønna kva dei seier. Kuiper har foreslått at forskjellane også kan bli karakterisert som argot (dvs. som ein slang brukt som hemmeleg språk av ein subkultur). Forskaren Norman Zide har beskrive situasjonen på denne måten:

«Nihali-lån er langt meir omfattande enn i typiske døme av utstrekt lånverksemd, som for albansk. Eit meir samanliknbart tilfelle kan vere ein del «nedbrotne» sigøynardialektar, slik som det er snakka USA og i Vest-Europa. Den nyare historia til nuhaliane inkluderer ein massakre organisert av ein av herskarane i området tidleg på 1800-talet, dette openbert som svar på dei aukande destruktive plyndringstokta deira. Sidan då har gruppa – forminska i storleik – fungert hovudsakleg som overfallsmenn og tjuvar, med tradisjonelle medarbeidarar utanfor som tok seg av dei stolne sakene. Gruppa har lenge vore tospråkleg, og bruker nihali som meir eller mindre eit hemmeleg språk som ikkje normalt blir avslørt for utanforståande. Tidlege undersøkingar for å læra språket vart openbert bevisst avvist eller narra.»

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Mohan, Shailendra. 2015. Noun Morphology in Nihali and Korku: A comparative account. Bulletin of the Deccan College Research Institute 75. 185-194.
  • Nagaraja, K. S. 2014. The Nihali Language (Grammar, Texts, Vocabulary). Mysore: Central Institute of Indian Languages. xii+332pp.