Nikša Kaleb
| Nikša Kaleb | |
| Statsborgarskap | Kroatia |
| Fødd | 9. mars 1973 (53 år) Metković |
| Idrett | handball |
| Tok del i | Sommar-OL 2004 |
Nikša Kaleb (fødd 9. mars 1973) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Metkovic. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag. Våren 2000 tok han del i RK Metković sin triumf i EHF-cupen. Kaleb spelte i hovudsak venstrekant.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Kaleb var del av det suksessrike Kroatia-laget som sigra i verdsmeisterskapen 2003 og dei olympiske leikane 2004, og sidan fekk sølvmedalje i såvel handball-VM 2005 som i handball-EM 2008. Frå 2001 til 2008 aksla Kaleb den kroatiske landslagstrøya 79 gongar og skåra 152 mål.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Kaleb var RK Metković-spelar frå han var 16 år gammal. Mellom anna vart han seriemeister med laget i 1994 og to gongar nasjonal cupmeister. I 2000 var han med på å vinne EHF-cupen. Året etter vart det tap i finalen i den same cupturneringa. I 2004 skifta Kaleb over til den sterkaste rivalen i kroatisk handball. Med RK Zagreb vann han både den kroatiske seriemeisterskapen og cupmeisterskapen i 2005, 2006, 2007 og 2008. Han la deretter opp.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Handball-VM 2001 for menn: Nr 9
- Handball-VM 2003 for menn: Gullmedalje, siger over Tyskland
- Handball-EM 2004 for menn: Nr 4
- Sommar-OL 2004: Gullmedalje, siger mot Tyskland
- Handball-VM 2005 for menn: Sølvmedalje, tap mot Spania
- Handball-VM 2007 for menn: Nr 5
- Handball-EM 2008 for menn: Sølvmedalje, tap mot Danmark
- Vinnar av EHF-cupen: 2000 for RK Metković
- Kroatisk seriemeister: 1994 for RK Metković
- Kroatisk cupmeister: 2000 og 2001 for RK Metković
- Kroatisk seriemeister: 2005, 2006, 2007, 2008 for RK Zagbreb
- Kroatisk cupmeister: 2005, 2006, 2007, 2008 for RK Zagbreb
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nikša Kaleb» frå Wikipedia på tysk, den 13. oktober 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Nikša Kaleb» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2023.