Nikkie de Jager

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikkie de Jager
Nikkie de Jager 2.jpg
Fødd 2. mars 1994 (28 år)
Wageningen
Yrke sminkør, videobloggar, fjernsynsprodusent, youtubar, beauty YouTuber
Nikkie de Jager på Commons

Nikkie de Jager (fødd 2. mars 1994 i Wageningen), best kjend under YouTube-brukarnamnet NikkieTutorials, er ein nederlandsk makeupartist og venleiksloggar. Ho fekk stor merksemd i 2015 med YouTube-videoen «The Power of Makeup» der ho viste seg med og utan sminke. Videoen vart raskt populær og inspirerte mange andre brukarar til å gjera det same.[1][2][3] Per november 2021 har YouTube-kanalen hennar 13,8 millionar abonnentar og over 1,5 milliardar videovisingar.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

De Jager byrja å laste opp videoar på YouTube som 14-åring i 2008, etter å ha lege sjuk heime og sett MTV-serien The Hills. Der vart ho inspirert av sminka til Lauren Conrad.[5] Sidan byrja ho å søkje på YouTube etter leksjonar for å attskape stilen til Conrad og vart sidan inspirert til å skape sin eigen YouTube-kanal.[6][7] Etter å ha lasta opp videoar i rundt to år, melde de Jager seg opp på eit makeupkurs ved B Academy i Amsterdam. Sidan byrja ho for Colourfool Agency i 2011 og starta å jobba som profesjonell makeup-artist.[6]

Hausten 2013 vart de Jager hovudsminkør for RTL 5-programmet I Can Make You a Supermodel med agenten Paul Fisher.[6][8] De Jager forlét Colourfool Agency vinteren 2014 for å jobbe som frilansar innan hår og sminke.[6]

Året etter oppnådde de Jager ry gjennom YouTube-kanalen sin, og vart ein kjend makeup-influensar. I 2017 kåra magasinet Forbes de Jager til ein av dei ti største venleiksinfluensarane i verda.[9] Same året vann ho òg pris som årets «YouTube-guru» under Shorty Awards og prisen for «Choice Fashion/Beauty Web Star» under Teen Choice Awards.[10][11][12]

I januar 2019 vart det kunngjort at de Jagar skulle fungere som internasjonal «skjønnheitsrådgjevar» for sminkeselskapet Marc Jacobs Beauty. Der skulle ho fungere som rådgjevar og delta i produktutvikling verda over, både for Marc Jacobs Beauty og hennar eigne kanalar.[13] I 2020 skulle de Jager ha vore nettvert for Eurovision Song Contest som skulle vore arrangert i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien som nådde Europa berre nokre månader før tevlinga skulle haldast. I staden var ho nettvert for erstatningsprogrammet Eurovision: Europe Shine a Light 16. mai 2020.[14][15] De Jager var programleiar for Eurovision Song Contest 2021 saman med Chantal Janzen, Jan Smit og Edsilia Rombley.[16][17]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

13. januar 2020 lasta de Jager opp ein video på YouTube-kanalen sin med tittelen «I'm Coming Out». Der avsløra ho at ho er tranperson, og at ho hadde vorte pressa av nokon som truga med å offentleggjere kjønnsidentiteten hennar.[18][19][20] Ho gjennomgjekk kjønnsbekreftande behandling i barndomen og tenåra.[21]

De Jager er trulova med partnaren sin Dylan Drossaers.[22][23]

Deltakingar på fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

I september 2017, var de Jager deltakar i det nederlandske gameshowet The Big Escape. I januar 2019, deltok ho i den nittande sesongen av den populære realityserien Wie is de Mol?.[24] Ho var òg gjestedommar i den norske versjonen av Glow Up.[25] I september 2020 deltok ho igjen i Wie is de Mol?, i ein spesialsesong i samband med 20-årsjubileet for realityserien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. de Jager, Nikkie. «The Power of Makeup». Arkivert frå originalen 2017-12-04. Henta 6. desember 2017 – via YouTube. 
  2. Willett, Megan (16. juni 2015). «This YouTube beauty star put her reputation on the line to send a message to the world». Business Insider (på engelsk). Arkivert frå originalen 2017-12-01. Henta 29. november 2017. 
  3. Denton, Elizabeth (13. juli 2016). «NikkieTutorials On Makeup Shaming, Glitter, And Her Epic Collaboration With Too Faced». Seventeen (på engelsk). Arkivert frå originalen 2018-06-12. Henta 29. september 2018. 
  4. «NikkieTutorials». SocialBlade. Arkivert frå originalen 2018-06-12. Henta 19. april 2020. 
  5. Lodi, Marie (1. februar 2017). «NikkieTutorials tells us how Lauren Conrad inspired her to start doing makeup and how she got over her fear of winged eyeliner». HelloGiggles (på engelsk). Arkivert frå originalen 2018-09-29. Henta 28. september 2018. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 de Jager, Nikkie (24. februar 2010). «About Nikkie». NikkieTutorials. Arkivert frå originalen 2018-09-28. Henta 29. september 2018. 
  7. Wallace, Carly. «Beauty Blogger Of The Moment: NikkieTutorials». Teen Vogue (på engelsk). Arkivert frå originalen September 29, 2018. Henta 29. september 2018. 
  8. «I Can Make You a Supermodel!». NikkieTutorials (på engelsk). 4. mars 2014. Arkivert frå originalen September 29, 2018. Henta 29. september 2018. 
  9. «Nikkie de Jager». Forbes (på engelsk). Arkivert frå originalen 2017-12-01. Henta 29. november 2017. 
  10. Weiss, Geoff (24. april 2017). «Nikkie Tutorials, David Dobrik, Others Honored At Ninth Annual Shorty Awards». Tubefilter (på engelsk). Arkivert frå originalen 2017-12-01. Henta 29. november 2017. 
  11. Vulpo, Mike (13. august 2017). «Teen Choice Awards 2017 Winners: The Complete List». E! Online (på engelsk). Arkivert frå originalen 2018-01-30. Henta 29. november 2017. 
  12. Clarendon, Dan (14. juni 2018). «YouTube Star Nikkie de Jager, aka NikkieTutorials, Mourns Death of Little Brother». Life & Style. Arkivert frå originalen 2018-09-29. Henta 29. september 2018. 
  13. Robin, Marci (26. januar 2019). «Nikkie de Jager (AKA YouTube's NikkieTutorials) Is Marc Jacobs Beauty's New Global Artistry Adviser». Allure. Arkivert frå originalen 2019-08-25. Henta 25. august 2019. 
  14. «NikkieTutorials: Eurovision 2020 online host and presenter to work backstage and on red carpet». wiwibloggs (engelsk). 10. februar 2020. Henta 19. april 2020. 
  15. «Eurovision: Europe Shine A Light will bring audiences together on 16 May». eurovision.tv. 31. mars 2020. Henta 19. april 2020. 
  16. «NikkieTutorials: Eurovision 2020 online host and presenter to work backstage and on red carpet» (på engelsk). 10. februar 2020. Henta 19. april 2020. 
  17. «The 4 ways to make Eurovision 2021 happen» (på engelsk). 18. september 2020. Henta 19. september 2020. 
  18. «Influential YouTuber reveals she is transgender». BBC News (engelsk). 14. januar 2020. Henta 19. april 2020. 
  19. «NikkieTutorials Told Ellen She's Thankful She Came Out As Transgender». BuzzFeed News (engelsk). Henta 19. april 2020. 
  20. Amatulli, Jenna (14. januar 2020). «YouTuber NikkieTutorials Comes Out As Trans And Fans Shower Her In Love». HuffPost (engelsk). Henta 19. april 2020. 
  21. «NikkieTutorials: Beauty YouTuber reveals she is transgender» (på engelsk). 14. januar 2020. Arkivert frå originalen 2020-01-19. Henta 19. januar 2020. 
  22. NikkieTutorials (13. august 2019). «I AM GETTING MARRIED?!». Youtube.com. Henta 16. februar 2020. 
  23. «Beauty Guru NikkieTutorials Is Engaged — Meet Her Fiancé Dylan And Check Out That Bling!». YourTango (på engelsk). 15. januar 2020. Henta 21. februar 2020. 
  24. «Nikkie de Jager». wieisdemol.avrotros.nl. Wie is de Mol?. Henta 24. november 2019. [daud lenkje]
  25. «Youtube-stjernen Nikkie de Jager i Norge». MinMote.no. Henta 23. august 2019.