Niko Valkeapää

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Niko Valkeapää
Niko Valkeapää (cropped).jpg
Fødd30. desember 1968
FødestadEnontekiö
OpphavFinland
Instrumentvokal
Verka somsongar
PrisarSpellemannprisen i åpen klasse

Niko-Mihkal Valkeapää (fødd 30. desember 1968) er ein finsk-norsk og samisk songar, låtskrivar og politikar for Norske Samers Riksforbund.

Valkeapää er fødd i Enontekiö i Finland. Han har sidan 1990 vore busett i Kautokeino der han byrja som lærer. Han er gudson av kunstnaren Nils Aslak Valkeapää og framfører fleire av tekstane hans på dei to plateutgjevingane sine, som er ein del av den «tredje bølgja» innan moderne samisk kultur, der han har arbeidd mykje med mellom andre Georg Buljo.

Valkeapää vann Sámi Grand Prix (1994, 1995), mottok Spellemannprisen 2003 i open klasse med debutalbumet sitt, og Liet Ynternasjonaal, den internasjonale musikkprisen for minoritetsmusikk. I 2008 vann han to Folkelarmprisar for Birrat Birra; nyskapande og open klasse. For albumet Gusto frå 2012, vart han nominert til Spellemannprisen 2012 i klassa folkemusikk/tradisjonsmusikk. Han har turnert nasjonalt og i Norden, m.a. på Nattjazz i Bergen, Festspela i Nord-Noreg, Riddu Riđđu Festivála og på Nordland Musikkfestuke i Bodø.

Valkeapää vart innvald på Sametinget i 2017, på NSRs liste for Gáisi valkrins. Der sit han i oppvekst-, omsorg- og utdanningskomitéen.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Niko Valkeapää, Duippidit, 2003
  • Sierra, Duippidit, 2004
  • Birrat Birra, Duippidit, 2008
  • Gusto, Duippidit, 2012
  • ÄÄ, Duippidit, 2012
  • Ráfi, Duippidit, 2015

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Beginner's Guide to Scandinavia, Nascente, 2011


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]