Nikola Špirić
| Nikola Špirić | |||
| | |||
| Fødd | Никола Шпирић 4. september 1956 (69 år) Drvar | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Bosnia-Hercegovina | ||
| Yrke | politikar, samfunnsøkonom, universitetslærar | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Sarajevo | ||
| Verv | Statsminister i Bosnia-Hercegovina 2007-2012 | ||
| Føregangar | Adnan Terzić | ||
| Etterfylgjar | Vjekoslav Bevanda | ||
| Alle verv |
| ||
Nikola Špirić (fødd 4. september 1956) er ein bosnisk-serbisk politikar som var statsminister i Bosnia-Hercegovina frå 2007 til 2012. Han er medlem i partiet Savez nezavisnih socijaldemokrata (Alliansen av uavhengige sosialdemokratar - SNSD).
Nikola Špirić vart fødd i Titov Drvar (noverande Drvar) i Bosnia i det dåverande Jugoslavia. Han studerte økonomi ved universitetet i Sarajevo og har doktorgrad i økonomi. Frå 1992 har han vore økonomiprofessor ved universitetet i Banja Luka.
1. november 2007 gjekk Špirić av som statsminister i protest mot parlamentariske reformer som den internasjonale administratoren for Bosnia-Hercegovina, Miroslav Lajčák, tvinga gjennom. Špirić meinte at reformene vil redusera innflytelsen til dei bosniske serbarane. Krisa vart løyst, og Špirić vart nominert på nytt til statsministerposten 10. desember og stadfesta i stillinga 27. desember.