Nikola Tesla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikola Tesla
Tesla Sarony.jpg
Fødd 10. juli 1856, Habsburg Smiljan i Keisardømet Austerrike, dagens Kroatia
Død 7. januar 1943 (86 år), Flag of the United States.svg USA New York
Dødsårsak Hjartefeil
Yrke Oppfinnar, fysikar og ingeniør.

Nikola Tesla (kyrillisk: Никола Тесла) (10. juli 18567. januar 1943) var ein fysikar, oppfinnar, mekanisk ingeniør, elektroingeniør og investor av serbisk avstamming. Han vart fødd i Smiljan i Krajina, som den gongen var under Austerrike-Ungarn, men som i dag ligg i Kroatia. Han fekk seinare statsborgarskap i USA. Tesla er best kjend for sine mange revolusjonerande bidrag til disiplinane elektrisitet og magnetisme mot slutten av det 19. hundreåret og byrjinga av det 20. Store delar av Tesla sine patent og teoretiske arbeid danna grunnlaget for moderne vekselstraumsteknikk, inkludert fleirfase distribusjonssystem og vekselstraumsmotoren. Moderne biografiar har døypt Tesla «mannen som fann opp det tjuande hundreåret» og «verneengelen til moderne elektrisitet».

Etter å ha demonstrert radio i 1891 [1] og vunne «spenningskrigen» (mot Edison sin likestraum), var han vidkjend som Amerika sin fremste elektroingeniør. Mykje av dei tidlegare arbeida hans var pionérarbeid innanfor moderne elektroteknikk, og fleire av oppdagingane hans var banebrytande. I denne perioden kunne få oppfinnarar eller vitskapsmenn konkurrere med Tesla som den mest berømte i USA, men på grunn av sin eksentriske personlegdom og sine utrulege og tildels bisarre påstandar om mogelege vitskaplege og teknologiske gjennombrot, vart Tesla frossen ut og sett på som ein «galen vitskapsmann». Tesla var aldri særleg oppteken av pengar. Han døydde fattig 86 år gammal.

SI-eininga for magnetisk flukstettleik B heiter tesla (symbol T) og er kalla opp etter han (på Conférence Générale des Poids et Mesures, Paris, 1960).

Ved sida av arbeidet hans med elektroteknikk, vert det sagt at Tesla har bidrege i varierande grad til fagfelt som robotteknikk, fjernstyring, radar og datateknologi, og til utviding av ballistikk, kjernefysikk, og teoretisk fysikk. I 1943 tilkjende høgsterett i USA han æra som oppfinnaren av radioen. Mange av bidraga hans til vitskapen har (kontroversielt) vorte nytta som støtte for ulike pseudovitskapar, teoriar på kva UFO-ar er og tidleg new age-okkultisme. Tesla er høgt skatta i både Serbia og Kroatia, og dessutan det seinare heimlandet hans USA.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]