Nikola Špirić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikola Špirić

FøddНикола Шпирић
4. september 1956 (67 år)
Drvar
Statsborgar avBosnia-Hercegovina
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom, universitetslærar
Utdanna vedUniversitetet i Sarajevo
VervStatsminister i Bosnia-Hercegovina 2007-2012
FøregangarAdnan Terzić
EtterfylgjarVjekoslav Bevanda
Alle verv
  • Member of the House of Peoples of Bosnia and Herzegovina (2000–2002)
  • Member of the House of Representatives of Bosnia and Herzegovina (2002–2007)
  • Lederen av Bosnia-Hercegovinas ministerråd (2007–2012)
  • Minister of Finance and Treasury (2012–2015)
  • Member of the House of Peoples of Bosnia and Herzegovina (2019–) Sjå dette på Wikidata

Nikola Špirić (fødd 4. september 1956) er ein bosnisk-serbisk politikar som var statsminister i Bosnia-Hercegovina frå 2007 til 2012. Han er medlem i partiet Savez nezavisnih socijaldemokrata (Alliansen av uavhengige sosialdemokratar - SNSD).

Nikola Špirić vart fødd i Titov Drvar (noverande Drvar) i Bosnia i det dåverande Jugoslavia. Han studerte økonomi ved universitetet i Sarajevo og har doktorgrad i økonomi. Frå 1992 har han vore økonomiprofessor ved universitetet i Banja Luka.

1. november 2007 gjekk Špirić av som statsminister i protest mot parlamentariske reformer som den internasjonale administratoren for Bosnia-Hercegovina, Miroslav Lajčák, tvinga gjennom. Špirić meinte at reformene vil redusera innflytelsen til dei bosniske serbarane. Krisa vart løyst, og Špirić vart nominert på nytt til statsministerposten 10. desember og stadfesta i stillinga 27. desember.

Špirić er gift. Kona er bosniak og kjem frå Tuzla.