Nikolaikyrkja i Leipzig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolaikyrkja i Leipzig

Nikolaikyrkja (tysk Nikolaikirche) er ei av dei best kjende kyrkjene i Leipzig. Kyrkja er frå nyare tid kjent som staden der måndagsdemonstrasjonar byrja i 1989.

Nikolaikyrkja blei grunnlagd i 1165. Etter reformasjonen var kyrkja sete for den første superintendenten (biskopen) i Sachsen.

I 1983 byrja ein halda måndagsbøner (Montagsgebete, Friedensgebete) i kyrkja. Bønene var innført av den lutherske pastoren Christian Führer, som tilhøyrde fredsrørsla i DDR. I 1989 byrja dei med måndagsdemonstrasjonar å be for alle som ønskte seg forandring i DDR. Den 9. oktober 1989 fann den største demonstrasjonen stad med meir enn 70 000 fredelege demonstrantar som ropte «Wir sind das Volk» ('Vi er folket').

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]