Nikolaikyrkja i Oslo
Nikolaikyrkja i Oslo | |
![]() Nikolaikyrkja |
---|
Nikolaikyrkja var ei kyrkje i Oslo i mellomalderen. Kyrkja låg i Gamlebyen, like vest for Clemenskyrkja og nordaust for kongsgarden, om lag der Follobanen går i dag.
Kyrkja var vigd til Nikolas av Myra. Ho er omtala i eit brev fra 1297 der det går fram at det området ein no kallar Bekkelaget, tilhøyrde Nikolaikyrkja sokn.[1] Få detaljar er kjende om utsjånaden til kyrkja, til dømes om ho hadde tårn. Ein trur at ho var lita.
Kyrkja skal ha lege i ruinar mot slutten av 1500-talet. Ved arkeologiske utgravingar i 1877 leia av Peter Andreas Blix vart det funne murrestar frå ei steinkyrkje og graver. Ein trur at dette dreidde seg om Nikolaikyrkja. I dag er det ingen synlege restar på staden,[2] men under utgravinga av Follobanen fann ein skjelett frå menneske som truleg var spedalske.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Schia, Erik (1995). Oslo innerst i Viken: liv og virke i middelalderbyen (2 utg.). Oslo: Aschehoug. s. 37ff. ISBN 8203221149.
- Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 12. ISBN 978-82-573-1946-5.
- Oslo byleksikon
- Bull, Edvard (1922). Oslos historie. Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 41–47.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Schia (1995), s. 38. Schia tar rett nok atterhald når det gjeld autentisiteten til brevet.
- ↑ Eit bilete i Bull si bok gjev seg ut for å syne Nikolaikyrkja, men motivet er faktisk Clemenskyrkja.
- ↑ NIKUs arkeologiblogg: Episode 1 Arkivert 2016-10-03 ved Wayback Machine. og Episode 2 Arkivert 2016-10-03 ved Wayback Machine. om analysar av skjelett.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oslo (Riksantikvaren, 2015), s. 15–16
- Nikolaikyrkja i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Lokalhistoriewiki – Nikolaikirken (Oslo)
- Kart over Oslo i mellomalderen i Oslo byleksikon (4.utg.)