Nikolaikyrkja på Gran
Utsjånad
Nikolaikyrkja | |||
kyrkje | |||
John Erling Blad
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Gran | ||
Lengd | 35m, skip 21m, bredde 15 m, Kor 12 x 8,5m m | ||
Periode | Romansk og gotisk | ||
Teknikk | Mur, ribbekvelv og tønnekvelv | ||
Material | Stein | ||
Tårn | Midttårn | ||
Stopul | På kyrkjegarden | ||
Portal | Enkle søyleportalar | ||
Skip | Basilika, midtskip og sideskip | ||
Kyrkjegard | Minne over Aasmund Olavson Vinje | ||
Preikestol | 1728 arkantusdekor | ||
Døypefont | 1728 | ||
Altar | Altartavle med korsfestinga, syndefallet, 1625 | ||
Diverse | Glasmåleri av Frøydis Haavardsholm frå 1960 | ||
![]() Nikolaikyrkja på Gran 60°22′00″N 10°31′46″E / 60.36676389°N 10.52945°E | |||
Wikimedia Commons: Nikolaikirken, Gran |
Nikolaikyrkja er den største av to steinkyrkjer frå mellomalderen på Granavollen i Gran kommune i Innlandet fylke. Dei to kyrkjene ligg tett ved sida av kvarandre og går under namnet Søsterkyrkjene. Den eldste av dei to, Mariakyrkja, stod truleg ferdig då Nikolaikyrkja vart bygd kring 1150. Den har 250 sitjeplassar, og var truleg kyrkje for Hadeland. Den er oppført som ein basilika, med midtskip og to sideskip der kraftige romanske søylerekker løftar taket over ytterveggane og gir luft i rommet. Den har firefasa ribbekvelving over midtskipet med to travéar og tønnekvelving i sideskipa. Veggane er kvitkalka, med koret innramma av ein steinboge.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Detalj av interiør med preikestol.
-
Interiør med kor og glasmåleri av Frøydis Haavardsholm.
-
Systerkyrkjene, Nikolaikyrkja til høgre.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiri, Middelalder i stein bind 1 i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3
- Bugge, Anders (1932). «Søsterkirkene på Gran». Hadeland: Bygdenes historie I. Oslo: Nationaltrykkeriet. s. 181-206.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 581. ISBN 82-7527-022-7.
- Sven Rosborn, 2014, Søsterkirkene og Steinhuset på Granavollen : Studier i eldre norsk steinbyggerkunst. [Gran 2014]: Stiftelsen Steinhuset på Gran. ISBN 978-82-999607-0-0
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Nikolaikyrkja på Gran». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Gran/Tingelstad kyrkjelyd
- Nikolaikyrkja på Gran i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren