Nikolaj Bazjukov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Bazjukov
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 23. juli 1953 (70 år)
Troitsko-Pechorsk
Yrke langrennsløpar
Språk russisk
Høgd 175 centimeter

Nikolaj Serafimovitsj Bazjukov (fødd 23. juli 1953) er ein russisk tidlegare langrennar som tevla for Sovjetunionen. Han vart olympisk meister på 15 km under OL 1976 i Innsbruck og i 4 x 10 km stafett med det sovjetiske laget under OL 1980 i Lake Placid.

Bazjukov meisterskapsdebuterte i Vinter-OL 1976 i Innsbruck med ein femteplass på tremila. Få dagar seinare vann han gullmedaljen på 15 km, knappe tre sekundar framom landsmannen Jevgenij Beljajev. Deretter gjekk dei dei to fyrste etappane for Sovjetunionen i 4 x 10 km stafett, ei tevling som enda med sovjetisk bronseplass. I Ski-VM 1978 i Lahti deltok Bazjukov einast på 50 km, der han enda som niandemann. To år seinare fekk han gå andre etappen på Sovjetunionen sitt vinnarlag i 4 x 10 km stafett under vinterleikane i Lake Placid, dei andre på laget var Vasilij P. Rotsjev, Jevgenij Beljajev og Nikolaj Zimjatov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.