Nikolaj Bobrikov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolaj Bobrikov
Nikolai Bobrikov.jpg
Fødd 15. januar 1839
Strelna
Død

16. juni 1904
Helsingfors

Yrke politikar, militær, diplomat
Nikolaj Bobrikov på Commons

Nikolaj Ivanovitsj Bobrikov (27. januar 183917. juni 1904) var ein russisk embetsmann, offiser og generalguvernør i Storfyrstedømet Finland frå 1898. Han var Nikolaj II sin representant i Finland, og hadde som oppgåve å russifisere landet.[1]

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Bobrikov vart fødd 27. januar 1839, faren var militærlækjar. I 1858 vart han offiser og gjekk igjennom det russiske generalstabsakademiet. I 1865 vart han utnemnd til kaptein ved generalstaben og tenestegjorde i ettertid ein lengre periode i St. Peterburgs militærdistrikt.

Han avanserte til oberst i 1869 og generalmajor i 1878. I 1884 vart han generalløytnant og stabssjef ved gardetroppane i Peterburgs militærdistrikt. I 1897 vart han forfremma til general av infanteriet. Eitt år seinare vart han utnemnd til generalguvernør i i Storfyrstedømet Finland, og øvste kommandant for troppane i det finlandske militærdistrikt.

Generalguvernør for Storfyrstedømet Finland[endre | endre wikiteksten]

I helsningstalen til dei finske myndigheitene i Helsingfors framheldt han som sitt program å arbeidde for å betre tilknytinga mellom Finland og Russland. Oppgåva hans som generalguvernør gjekk ut på å russifisere Finland, tvangsinnføre russisk språk i administrasjon og skulevesen, attåt å integrere landet i riket, noko som stod i strid med Finlands grunnlov. Raden av desse tiltaka vart sett i verk av det illgjetne «Februarmanifestet». I manifestet erklærte tsaren at imperiets lover var høgare enn fyrstedømets eigne lover, at ytringsfridomen vart innskrenka, organisasjonsfridomen oppheva, og at russisk vart einerådande i embetsverket. Russisk fekk også ein større plass som finsk skulefag. I 1903 fekk Bobrikov diktatoriske fullmakter av tsaren, noko han utnytta til fulle i sitt embete.

Attentatet på Bobrikov[endre | endre wikiteksten]

16. juni 1904 vart Bobrikov skoten ned av den unge patriotiske finnen Eugen Schauman, som var misnøgd med den undertrykkjande politikken hans. Schauman skaut først Bobrikov tre gongar, for så å skyte seg sjølv to gongar. Bobrikov døydde dagen etter.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Aittokoski (15.6.2004). «Finland shaken 100 years ago by murder of Governor-General Bobrikov» (engelsk). Helsingin Sanomat. Henta 23. mai 2009.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)